3. søndag etter pinse

Luk 14,16-24

GJESTEBOD I KYRKJA

Det var i studietida mi at ein av professorane ein gong fann ut at han ville be heim til seg alle dei studentane som følgde førelesingane hans. Han hadde kome på at han ville gjere i stand eit skikkeleg gjestebod. Alle som ville kome, sette namnet sitt på ei liste. Ca. 25 skreiv seg på. Då kvelden kom, dressa eg meg opp, reiste og kom til eit hus der alt var gjort i stand til det store gjestebodet. Då hende det utrulege: Det kom ingen andre enn eg. Eg vart sitjande åleine med professoren ved eit langbord med gryterett og 150 rundstykke. Alt var gjort i stand, mange gjester var inviterte og venta. Og så tomme stolar. Ein hadde gløymt det. Ein trudde det var veka etterpå. Ein måtte ut å sjå på ein ny hybel. Ein fekk ikkje bilen til å gå. Ein måtte vere heime og passe ungen fordi kona skulle på arbeid. Ein hadde reist heim til foreldra og vorte nokre dagar ekstra. Dei hadde ein grunn alle som ikkje kom, viste det seg seinare. Det var noko som var viktigare. Akkurat som i likninga Jesus fortel. Denne seier oss noko viktig om himmelrike:

1. Himmelriket vert bygd ved invitasjon

Eg fekk nett eit brev der eg vart invitert til å vere med i ein klubb. Det er hyggjeleg ved slike invitasjonar der du vert beden om å verte med utan at det kostar deg noko, utan at du treng søkje eller dokumentere kunnskap eller dugleik. Kor fint er det ikkje når du opplever at andre har lyst til å ha deg med berre fordi du er deg sjølv. Slik er himmelriket. Kor ofte sende ikkje Jesus ut invitasjon utan atterhald: "Jerusalem, Jerusalem ... Kor ofte ville eg ikkje samle borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine" (Luk 13,34). Eller: "Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!" (Matt 11,28). Eller: "Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje" (Mark 10,14). Kor mange har du invitert til kyrkje, bibelgruppe, søndagsskule sist år? Himmelriket vert bygd ved invitasjon. Jesus inviterte stadig. I dag skjer det ved oss.

2. Himmelriket vert bygd gjennom frammøte

Ei dame som eg kjenner, fortalde meg for litt sidan at ho hadde fått ein hyggjeleg invitasjon til eit gjestebod som kollegaene hennar hadde laga til. No var det berre det at den invitasjonen hadde vorte gjeven til dotter hennar på veg heim frå skulen. Dottera hadde teke konvolutten, putta han i ranselen og ikkje tenkt meir på han - før det var gått ei veke. Og då hadde selskapet alt vore. Ho hadde hatt invitasjonen i huset heile tida, til ingen nytte. Himmelriket vert bygd gjennom frammøte. Det finst vel knapt ein nordmann som ikkje har invitasjonen i huset. Jesus sin invitasjon. Gjennom aviser. Gjennom radio. Gjennom Bibelen. Men kva fører det til? Resulterer det i frammøte? I kyrkje, bedehus, bønegruppe eller kvar dei kristne no samlast. I bibelteksten er det jord, oksar og kone som engasjerer meir og som hindrar frammøte. Som hindrar himmeriket sin vokster, for himmelriket vert bygd gjennom frammøte.

3. Himmelriket er det glade fellesskap

Eg er vaksen opp i ei lita bygd der alle møtte fram i gjestebodet når nokon fylte 50 år. Til og med om ein ikkje var invitert. For det var viktig å delta i det glade fellesskapet. Ofte har eg vorte overraska over kor mange menneske det er rundt land og strand som fortel at dei har ei kristentru. Men i kontrast til den trua som mange ber inni seg, er det ofte svært god plass i mange kyrkjer og bedehus. "Å delta på ei kristen samling i heimbygda mi, er ei slags nær-døden-oppleving" var det ein som sa til meg for litt sidan. Tenk om vi kunne få ein fornya visjon av at himmeriket sitt glade fellesskap skal syne seg alt på denne jorda. Eit fellesskap som er slik at alle er like mykje verd sjølv om dei er "fattige, vanføre, blinde og lame" (14,21). Alle har vi vel ein tanke om at himmelriket gjev det beste liv. Himmelriket er det glade fellesskap. Eit fellesskap som skulle innleiast her på jorda. Difor skulle dei kristne samlingane vere ein magnet som drog til seg menneske som 50-årsselskapa i heimbygda mi. Ein bur seg til gjestebod i himmelen. Vi deltek i denne førebuinga ved å starte gjestebodet i kyrkja på jorda - med invitasjon og frammøte til det glade fellesskap.

Geir Sørebø