4. søndag etter pinse

Luk 15,1-10

DEN STØRSTE GLEDA

Eg har kollegaer som har vore med som hjelpepersonell i samband med større katastrofar. Dei kan fortelje om ei merkeleg glede som ikkje kan samanliknast med noko anna. Det er gleda hjå dei pårørande som møter fram - og som ventar og ventar på sine eigne. Og som til sist får meldinga: "Mannen din lever. Han var ikkje mellom dei omkomne slik du frykta. Han er på veg attende til deg!" Ei ubeskriveleg glede bryt ut. Teksten for denne søndagen skildrar Gud. på ein fin måte. Tre trekk ved Gud spring oss i augo:

1. Gud passar på sin eigedom

Eg hugsar eit innslag eg såg i Dagsrevyen: Ein flokk med små andungar var i ferd med å krysse ein offentleg veg med stor trafikk. Politiet stansa bilane og sørgde for at dei små fuglane kom seg trygt over også vart dei førde mot eit vatn der dei hoppa uti og sumde av stad. Straks dei var komne frå land, kom mora (eller kunne det vere faren?) og landa ved sida av dei. Frå ein eller annan stad med god utsikt hadde ho følgd med sine born. Alle dei tre likningane i Lukas 15 viser det same. Gud held eit auga med sin eigedom. Men kva er meint med Guds eigedom? Alt som er til, er Guds eigedom. Men så er det ein del av hans eigedom som betyr noko heilt spesielt for han: "Vil de no lyda vel etter orda mine og halda pakta mi, så skal de vera min eigedom framfor alle andre folk" (2 Mos 19,5). Og Peter skriv til den kristne kyrkjelyden: "De er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til" (1 Pet 2,9). Guds eigedom er framom alt den kristne flokken, kyrkjelyden, alle som trur på han. Og Gud passar på sin eigedom.

2. Gud leitar etter den som har kome bort

Kyrkjefaderen Augustin hadde som barn fått ei kristen oppseding. Men etter kvart kom han til å leve eit liv som var langt frå dei kristne ideal og Gud var heilt ute av tankane hans. Som student hende det ved eit høve at minna om barndommens Gud strøymde på og han fekk ein djup trong til å finne denne Gud attende. Og han starta bibellesing for å finne Gud att. Han kom inn i mange slags kriser og brytningar. Ein dag han hadde det særs vanskeleg, kasta han seg ned på marka under eit tre og gret og bad. Då høyrde han nokre ungar som leika på andre sida av gjerdet, dei tok stadig opp att ei regle der orda "ta og les, ta og les" gjekk att. Brått slo det han: Dette er ord til meg. Og han greip Bibelen og las det første han fekk auga på, og det var: "Kled dykk i Herren Jesus Kristus" (Rom 13,14). Han fann fred. Han visste at Gud hadde leita etter han og funne han igjen. Men mange andre menneske har fortalt om det same. Dei var komne bort frå Gud. Så hende det noko underleg som førde dei attende. Gud leitar etter den som har kome bort. Dei to likningane i søndagsteksten fortel om dette.

3. Gud gler seg over alle han kan få med seg heim

Det er ikkje alltid det er like lett å kome heim att. Eg hugsar ein gong eg som ungdom hadde laga ein svær bulk i bilen til far min som eg hadde lånt. Far stod utafor huset og speida då eg kom køyrande heim. Eg tykte dette var ille, men far min var visst mest glad for at han fekk meg heim uskadd og i live. Det er ikkje alltid like lett å kome heim til Gud etter at ein har laga ein skikkeleg kræsj i livet. Og det kanskje etter at Gud har vore ute av tankar og sinn i årevis. Eller etter at ein i lengre tid har levd heilt på tvers av Guds vilje. To gonger står det i teksten for denne søndagen at den store gleda i himmelen bryt ut kvar gong ein syndar vender om. Det er også glede i himmelen over at det er rettferdige menneske som heile livet har levd i trua på Jesus og prøvd å følgje han. Men enno større er den gleda som bryt ut når ein fråfallen vender om.

Foreldre gler seg over barn som dei har hos seg i det daglege. Men enno større vert gleda når ein slapp fri ei stor ulukke. Då ser vi meir enn før kor uerstattelege vi er for kvarandre. Slik er det i himmelen og. Den største glede bryt ut når eit menneske som gjekk mot fortapinga, vart nådd av Guds kall og så følgde kallet, vende om og kom trygt heim.

Geir Sørebø