4. søndag etter pinse
Luk 15,11-32

DEN GODE FAREN

I Bibelen vår har denne kjende forteljinga fått overskrifta "Den bortkomne sonen". Vi kunne like godt setje som overskrift "Den gode faren". For denne likninga viser oss eit bilete av ein god far. Den yngste sonen, som øydde vekk pengane i eit vilt liv, er ikkje noko eksempel for oss. Den eldste sonen, som vart sint og tverr då broren kom heim, er heller ikkje noko førebilete. Men faren derimot er den som Jesus vil peike på, og så vil han nok at vi skal oppdage at denne faren er Gud, og at vi deretter alle skulle kunne seie: "Slik er Gud". Kva fortel denne likninga oss så om den gode faren, om Gud? Eg vil trekkje fram tre punkt:

1. Den gode faren sørgjer

I kyrkjelyden vår vart alle førsteklassingane for nokre års sidan inviterte til kyrkja til ei familiegudsteneste. Førsteklassingane skulle få ei kristen barnebok i gudstenesta. Ein av prestane var i skuleklassen på førehand og snakka med borna. Det verka som dei tykte dette skulle bli kjekt. Då søndagen kom, så var det fleire av borna som ikkje kom til gudstenesta. Litt seinare trefte presten ein av borna igjen på gata. "Du kom ikkje på søndag", sa presten. "Nei", sa guten, "han pappa sa at det der borte i kyrkja er berre noko tull".

Då vart presten sorgfull. Men eg trur også Gud vart sorgfull. For Gud hadde hatt forventningar til eit barn som vart døypt. Forventningar til at familien skulle ta vare på den rikdomen dei hadde fått i dåpen og gje barnet ei kristen oppseding slik dei hadde lova.

Den gode faren si sorg. Det var det første i teksten.

2. Den gode faren gleder seg

Det er ein setning i denne likninga som eg tykkjer er så fin, det står i vers 20: "Medan han enno var langt borte, fekk faren sjå han." Sonen var på heimveg. Han hadde kome til seg sjølv. Full av skam og anger var han på heimveg. Og medan han enno var langt borte, fekk faren auga på han.

I ei bygd vart det fortalt at for mange år sidan hadde ein ungdom reist til Amerika. Og foreldra høyrde aldri noko meir frå han. Ingen visste kvar han hadde vorte av. Kvar kveld gjekk mor hans bortover vegen, ho speida framover og tenkte: "Kjem han kanskje attende i kveld?".

Var det ikkje slik Jesus tenkte seg at den gode faren gjorde? For medan han enno var langt borte, fekk faren sjå han, han ynkast inderleg. Han sprang i mot han, kasta seg om halsen på han og kyssa han.

Dette er den gode faren si glede. Guds glede. Det er Guds glede kvar gong ein døypt syndar vender om. Det er Guds glede kvar gong ein som vart døypt som barn bryt ut av likesæla og bevegar seg mot Gud, mot kyrkjelyden, mot Guds heim her på jorda. Det er Guds glede kvar gong eit menneske angrar si synd og søkjer trøyst i Guds frigjerande nåde i Jesus Kristus.

3. Den gode faren har ei von

Kva er det faren vonar på etter at den yngste sonen er komen heim? Han vonar sjølvsagt på at brørne skal kunne forlikast og leve saman som vener. Han vonar på at fortida skal kunne skal kunne vere ferdig og at gleda skal kunne vere dess større fordi den yngste sonen no har teke til med eit nytt liv.

Ein prest skulle ha andakt i fengslet på julaftan. Dei innsette var samla i eit stort rom. Like før samlinga starta, kom presten på den tanken at han skulle be ein av dei som var til stades om å lese juleevangeliet. Han spurde ein mann som han ikkje kjende som sat på fremste stolrada. Og mannen las evangeliet. Etterpå fekk presten høyre at dette var ein skandale. Mannen han hadde spurd, var ein mordar. Han var ut frå dei andre innsette si vurdering den som absolutt ikkje burde fått ei slik oppgåve. Fortida hans diskvalifiserte han. Kor ofte er det ikkje slik både i samfunnet og kyrkja at fortida til eit menneske diskvalifiserer same kor mykje det sonar og angrar og gjer opp for seg? Den eldste broren er likninga ein representant for denne tankegangen. Det har slege meg når eg les Bibelen at Gud er så mykje meir radikal. Når mennesket vender seg til han, vert alt nytt. Alt det gamle er uinteressant. For høyr kva den gode faren seier: Bror din var død og han har vorte levande. Slik tenkjer Gud. Når menneske vender seg til han hender det noko så radikalt nytt som overgangen frå død til liv. Slik tenkjer - ja, slik elskar den gode faren. Og hans von er stadig at vi skal verte smitta. Gjere opp med kvarandre og leve saman som fornya menneske. Som gode brør.

Geir Sørebø