IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

4. søndag etter Pinse

Luk 15:1-10

I PREIKA

 

Likninga om sauen som vart borte – og så funne igjen – er ein av mine favorittar. Eg formeleg kan sjå for meg den vesle sauen ute på ferd åleine. Og gjetaren som leitar under steinheng, i kratt og bergsprekk… utan å gje seg før han finn!

Det gjer meg trygg og glad å tru på ein Jesus som gjer slik for barna sine. Denne tryggleik vil eg gjerne at barna i gudstenesta skal få med seg. Gud ser etter oss og leitar til han finn oss, dei gongane me har forvilla oss bort.

I gudstenesta denne gangen vil eg prøve å få kyrkjelyden med på ein dramatisering av teksten på sparket. Det er ikkje alltid at det fungerer så godt (særleg ikkje somarstid), så det er viktig at alt ikkje ramlar saman om rolleneinnehavarane uteblir. Eg vil ha med meg ein gjetarstav til gjetaren, og bruke skipet som beite- og heimeområde. Kyrkjelyden kan jo vere dei 99 sauene som gjetaren har fått med seg, det er ikkje så farleg om sau nr. 100 spelast av to stykker om det er tryggare. Eg vil fortelje litt om landskap – og vere den som held forteljinga saman. Og så er det bare å hoppe i det!

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 500

Her går en trofast gjeter

 

LITURGI

Velsigning

Lat alle teikne krossmerket på seg sjølv mens dei seier: "Guds barn"

Anne Berit J