2. søndag etter pinse

Luk 16,19-31

LASARUS SITT UNYTTA MANUSKRIPT

For nokre år sidan hadde eg laga eit gjennomarbeidd føredrag til eit arrangement som skulle haldast i friluft. På kort varsel var stemnet avlyst pga dårleg ver. Manuskriptet var lagt i ei skuff og har aldri vorte nytta. Det var eit ønskje om at Lasarus skulle ha reist attende til livet for å tale til den rike mannen sine brør. Han fekk ikkje tale for dei. Men kva stod i manuskriptet hans som han aldri fekk høve til å framføre. Eg trur manuskriptet hans hadde tre punkt:

1. Frå fattigdom til rikdom

For mange år sidan las eg ei lita novellistisk forteljing av Asbjørn Aavik som heiter: "Deilig er jorden". Han fortel om ei gudsteneste han hadde ein gong i ein stor spedalskekoloni på Taiwan. Ein underleg kyrkjelyd fylte kyrkja. Alle var skada av sjukdommen. Utan fingrar. Utan nase og øyre. Nokre kom krypande inn i kyrkja. Nokre kom dei berande med. Preiketeksten var henta frå 1. Kor: "Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft". Han fortel om guten ved orgelet som løftar sine forkrøpla hender, ser på dei og får høyre: Ein dag skal du stå opp og ikkje mangle ein finger. Ikkje ei nagl ... "stå opp i herlegdom". Frå fattigdom til rikdom. Det var dette Lasarus ville kunne fortald om. Om verkjesåra som var borte. Om lekamen som var ny. Om fattigdommen som vart til rikdom hos Gud. Han ville kunne fortald slik at millionar fattige, sjuke, mismodige ville ha retta ryggen og fått håp i blikket.

Eg trur dette ville vore første tema i Lasarus sin tale. Fordi det var dette han sjølv hadde opplevd. Fordi det var dette han kunne tale om med begeistring og glede.

2. Frå rikdom til fattigdom

Det var ein mann med alminneleg lønsinntekt som i 1980-åra tok til å kjøpe og selje aksjar. Det gjekk svært bra, og det som tok til i det små, voks og voks. Etter kvart gjaldt handelen millionar. Mannen vart rik. Han tok opp store lån for å få enno meir å investere med. Så kom børskrakket brått og uventa i 1987. Alt rasa saman for mannen, og han sat snart att med ei stor gjeld. På nokre dagar hadde han gått frå rikdom til fattigdom.

Med stort alvor ville Lasarus kunna tala om dette. Han ville kunna sagt til alle dei 5 brørne som i dag lever i alle dei 5 verdsdelane: "Din rikdom er ein lånt rikdom. Ein rikdom som høyrer Gud til. Ein rikdom som høyrer fellesskapet til. Ser du ikkje den sjuke og fattige utafor di dør. Ser du ikkje flyktningane som står kilometerlange køar ved grensa med all sin medbrakte eigedom i ei trillebår". Lasarus ville hatt masse materiale å ause av frå livet i dag og frå Bibelen, og han ville med stort alvor tala om kor lite den kortvarige rikdomen er verd dersom han berre vert nytta til eigen nyting. Han ville vist korleis denne rikdomen brått og uventa kan verte erstatta av ei evig gjeld som ikkje noko menneske kan betale attende. Eg trur dette ville vore det andre tema i Lasarus sin tale. Fordi han hadde sjølv sett tragedien med eigne auge.

3. Guds miskunn mot fattige og rike

Ein som kom attende og hadde smaka litt av den himmelske rikdom, ville ikkje berre ha snakka om seg sjølv. Og om fattige og rike menneske. Han ville ikkje minst tala om det største. Om Gud. Om Guds ufattelege godleik. Om hans miskunn mot fattige og rike. Lasarus ville lagt ut om korleis han fekk det evige liv. Ikkje fordi han var fattig, men fordi hans rop til Gud hadde vorte høyrd. Men så ville Lasarus fortalt om sitt møte med Abraham. Den rike Abraham hadde følgd Guds kall, som hadde brent bruene, brote med tradisjonane, forlete farshuset, korleis han hadde stola på Guds lovnader og trudd hans ord, og til sist funne ein enno større rikdom.

Lasarus ville kunne ha snakka lenge om dette: Guds miskunn mot fattige og rike. Han ville kunna vist korleis heile Bibelen fylt med dette frå byrjing til slutt. Han ville kunne fortalt om korleis han bak døden hadde fått sjå det ufattelege at Guds nåde gjennom Jesus er stor nok for alle. For alle som hadde vilja ta imot han.

Du verda for ein tale Lasarus kunne ha halde. Ville ikkje denne talen forandra verda? Talen vart aldri halden. Manuskriptet ligg enno i ei himmelsk skuff. Tydelegvis fordi Abraham meinte at det ikkje var bryet verd å framføre det. Det er nok av forkynnarar i verda frå før. Dei står på Moses og profetane sin grunn. Tek vi dei på alvor når dei talar om fattigdomen som vert til rikdom, om rikdomen som vert til fattigdom og om Guds miskunn mot både rike og fattige?

Geir Sørebø