IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag etter Pinse

Luk 16:19-31

I PREIKA

Sjølv om mykje av teksten foregår i dødsriket – handlar den djupast sett om LIVET. Om at måten me lever livet på har konsekvensar for andre. Og sjølv om det kunne vore freistande å prøve seg på drama av teksten – så trur eg at det ville gjere poenget i teksten vanskelegare å få tak i. Så istaden kan me bruke dialogpreike (med to eller fleire aktørar), eller legge opp til ei samtale på preikeplass der tema er:

Korleis kan me snu verda opp ned?

(og gjere ho til ein betre plass å leve for alle?)

Nyttige tips kan du finne hos Cangemaker, Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon (www.nca.no) eller Strømmestilftelsen sin Skrikaksjon (www.strommestiftelsen.no).

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 714

Intet er vårt. Alt er ditt

 

LITURGI

Forbøn

: Bruk ljosgloben og tenn ljos for nokre som har det vanskeleg fordi dei er fattige. Syng saman "Eg faldar mine hender små" nr. 726

 

Anne Berit J