15. søndag etter pinse

Luk 17,11-19

"JESUS, MEISTER, MISKUNNA DEG OVER OSS!"

Den 11. september 2001 vil for alltid verte ståande som ein mørk dag i historia. Sjølv høyrde eg tilfeldigvis på nyheitene i radio kl.15.00 at det hadde vore ei stor flyulukke i New York. For å få meir informasjon slo eg på TV for å sjå om CNN hadde direktesending. I dei to neste timane vart eg vitne til noko som var så uverkeleg at eg nesten lurte på om eg var med på eit dataspel. Fly som brasa inn i bygningar. Skyskraparar som fall i grus på nokre sekundar. Flyktande menneskemassar. Saman med millionar av menneske sat eg som ein hjelpelaus tilskodar til terrorhendingane. Kva så med søndagens tekst? Er det i denne teksten erfaringar som har noko å seie til oss? Eg vil trekkje fram tre punkt:

1. Hjelpeløysa ovafor det vonde

Eg merka meg at i Russland sa Putin mellom anna i sin kommentar. "Terrorismen er ein pest som har ramma det 21. århundre". Alle århundre har hatt sin form for pest. På Jesus si tid var spedalsk-sykje ein pest som menneske var hjelpelause ovafor. Den som hadde fått sjukdomen, var fortapt. Det same var nok tilfelle med mange andre sjukdomar som vi i dag har fått kontroll over. "I dag har vi stor grad av teknisk kontroll, men tilsvarandre lite kontroll over det vonde som rører seg i menneskesinnet". Omtrent slik uttala ein seg etter dei katastrofale flykapringane. Sjukdomar som skuldast bakteriar kan vi kontrollere, men ikkje hat-sjukdommen på menneskesinnet. Dei som er råka av denne sjukdomen bed ofte ikkje ein gong om hjelp. Så står vi alle hjelpelause ovafor denne vondskapen. Hatet sin vondskap.

2. Hjelp for hjelpelause

Ein professor i medisin som eg kjenner, uttala ein gong eg snakka med han: "Den finaste av alle kyrkja sine bøner er denne: Du, hjelp for hjelpelause, ver hjå meg" (NoS 815). Eg vart litt forundra over at ein akademikar med doktorgrad hadde ei så enkel trusvedkjenning. Etter at bygningane ved Word Trade Center fall i grus, sa hallodama i CNN: "Måtte Gud frelse sjelene til alle dei som no er forulykka". Og president Busch siterte frå Salme 23: "Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt". Enkle trusvedkjenningar

Det hadde også dei ti spedalske som kom til Jesus: "Jesus, meister, miskunna deg over oss!" Dei fekk erfare at gjennom den enkle Jesus-bøna var det hjelp å hente. Hjelp for hjelpelause.

3. Takk til Gud for hjelpa

New York sin borgarmeistar tala dagen etter katastrofa om at folk i New York no var komne nærare kvarandre. Og om at byen skulle gjenreisast og at innbyggjarane i USA skulle etter kvart skulle vere eit styrka folk. Så skal dette vere vår tru at Gud vil høyre alle bøner som kjem til han frå hjelpelause menneske. Og at Gud vil handle slik at alle som bad, til sist skal kunne gje Gud ære. Den eine samaritanen som kom attende til Jesus, takka ikkje for det vonde han hadde vore gjennom. Truleg forbanna han den vonde sjukdomen. Men han takka for at bønene hadde vorte høyrde og at Gud hadde handla.

Vi er i dag lamma av verda sin hat-sjukdom. Tragedien i USA har fått oss til både å gråte og å verte rasande og redde på ein gong. Vi er hjelpelause. Vi ser ingen gode løysingar. Vi ser tap av menneskeliv som ikkje kan erstattast. Vi orkar kanskje ikkje seie så mykje meir enn dei spedalske: "Jesus, meister, miskunna deg over oss!". Denne enkle Jesus-bøna har vorte repetert om att og om att av menneske gjennom heile kyrkje si historie. Spesielt den ortodokse kyrkja har lært oss korleis vi kan framføre denne like rytmisk som pusten vår og oppleve at Jesus fyller oss med varme og håp. Med alt det vonde på netthinna skal vi hjelpelause kunne bringe fram ei enkel trusvedkjenning: "Jesus, meister, miskunna deg oss". Vi kan gjere det i den tru at Gud går med oss. Gjennom dødsskuggens dal. Mot ljoset. I trass mot alt det grusomme og vonde. Slik vi ein dag skal kunne gje Gud ære.

Geir Sørebø