IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

15. søndag etter Pinse

Luk 17:11-19

I PREIKA

Også denne søndagen skal me få følgje samaritanen sitt gode eksempel. Sist søndag var det ein samaritan som stoppa opp og brydde seg om mannen som låg der slengt i grøfta, halvdød. Denne søndagen er det berre samaritanen, av dei 10 som vart lækt, som tok tida med å reise tilbake og takke Jesus. TAKK er dagens motto: TAKK GUD for alle ting! For det er fort gjort å gløyme å takke når ein får noko fint, ein blir på ein måte så oppteken av det – mange foreldre er det som kviskrar barnet inn i øyra: "Nå må du hugse å takke for det du har fått!" I dag så kviskrar Gud til oss: Hugs å takke! Kanskje kan me lage ein liten kviskreleik med ordet TAKK? Byrje bakanfrå og sende framover – kva slags ord kjem fram til presten?? Kanskje skal me også (når me da har funni ut at riktig ord var: TAKK!) – bruke kroppen vår og gje Gud ein real applaus?

Kva er det med desse samaritanane? Også denne søndagen står dei her som gode førebilde.

Samaritanane vart eit folk som var jødefolkets næraste naboar. Dei delte både land, og langt på veg gudstru. Men var fiendar. Jødefolket tenkte at samaritanane si form for gudstru var langt dårlegare enn deira eigne, og ville ikkje ha noko fellesskap med dei. Samaritanane meinte dei hadde den rette trua, dei godkjende berre dei 5 Mosebøkene som heilage skrifter, og ofra på sin eigen heilagdom, fjellet Garisim, i nærleiken av Jakob sin brunn – og hadde i grunn ikkje så behov for jødisk innblanding i livet. Jesus for gjennom landet deira og hadde fellesskap med dei, til stor overrasking for både læresveinar og andre. Men så var han da også ven med tollarar og syndarar, ikkje rart at han kunne bruke tid i lag med framande også!

For å illustrere kan ein kopiere eit kart over Midtausten på eit A3 ark (el. større), fargelegg! Marker viktige byar og stader. Fortel om kor Jesus var på vegen, om kvar Samaritanane bur, om kvar dei skulle gå og syne seg for prestane (Jerusalem), osb. Det kan også vere fint å fortelje kor dei bur i dag, (Jaffa og Nablus).

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 107

Takk, gode Gud, for alle ting

 

LITURGI

Gloria/Lovsong

Legg inn eit takkevers etter gloria, der det er lov å klappe i henda medan ein syng! Dette må det informerast om på førehand, og kanskje øvast på til å byrje med i gudstenesta. Særleg KVIFOR me takkar! F. eks Kjære gode Gud, jeg vil takke deg (Barnesalmeboka 124), No takka alle Gud (Barnesalmeboka 101), Takk, gode Gud, for alle ting (Barnesalmeboka 107).

Anne Berit J