15. søndag etter pinse

Luk 17,11-19

TAKK MIN GUD FOR ALT SOM HENDE

Eg sat i ein sørgesamtale med eit foreldrepar som hadde mista eit barn. Vi heldt nett no på å planleggje gravferda og vi var komne til det punktet at vi skulle finne salmar. Då gjorde ein av dei framlegg at vi i gravferda skulle syngje: Takk min Gud for alt som hende (Sangboken, nr.127). Eg vart litt nølande. Var dette verkeleg rett tekst i ein tragisk situasjon? Men dei opplevde det slik. Dei hadde så mykje å takke for, livet dei hadde hatt saman med barnet, trua på at barnet no var i Guds hender. Og i songen stod det jo også … Takk for motgang du meg sende. Takk for sorg som du la på. Takk for harde prøvingstider. Takk for hjelpa du meg gav … (v.3). Takk kan vere ein nøkkel til vokster i kristenlivet. Vi ser eit døme på det i søndagsteksten vår denne gongen. For denne teksten viser tre grunnpillarar i ein kristen sitt liv:

  1. Bøn til Jesus
  2. Den ortodokse kyrkja har ein lang tradisjon knytt til Jesus-bøna (sjå f.eks http://www.goarch.org/print/en/ourfaith/article7104.asp ) I første omgang vil vel dei fleste kristne seie at det kan då ikkje vere noko spesielt, for vi bed jo til Jesus vi også. Men likevel kanskje litt annleis enn i den ortodokse tradisjonen. Der lyder orda slik (med visse variasjonar): "Jesus Kristus, miskunna deg over meg". "Jesus Kristus" kan seiast stille når ein pustar inn og "miskunna deg over meg" medan ein pustar ut. Dette kan repeterast og repeterast heilt til orda blir ein del av pusten og av hjarterytmen. På denne måten vert fokus flytta bort frå sjølve orda og ein får ei kjensle av å verte eitt med Jesus og av at livet er lagt open fram for han. Stemmer det ikkje også med våre erfaringar at dette er ein god måte å be på. Mange har vel i ein fortvila livssituasjon ikkje kunna seie anna enn: "Jesus, Jesus, ver hjå meg". Og så ser vi i teksten at det er nettopp den ortodokse Jesus-bøna dei spedalske bed: "Jesus, meister, miskunna deg over oss".

  3. Takk til Jesus
  4. Då eg var 6-7 år gamal og skulle i selskap til kameratar minnest eg at foreldra mine ofte sa: "Og så må du hugse å takke for maten". Igjen og igjen fekk eg høyre det i ulike situasjonar. "Og så må du hugse å takke!" Det verka som foreldra mine ville prente inn i sinnet mitt at det var viktig å takke. Eg skjøna vel ikkje poenget den gongen. Men etter kvart har eg sett at i ordet takk ligg det ei anerkjenning av at den andre har vore god mot meg. Og ved denne anerkjenninga vert det etablert eit fellesskap. Difor går det an takke i vanskelege situasjonar. Takka kan sjå lengre attende enn til gårsdagen. Takka kan uttrykkje ei von om at fellesskapet oss i mellom må verte bevart. "Takk min Gud for alt som hende". Det var berre ein av dei spedalske som såg dette. Dei 9 andre vart borte. Kanskje var dei no berre opptekne av seg sjølv og si nye helse, kanskje følte dei ingen grunn til å takke: Dei hadde trass alt vore spedalske i årevis og fått øydelagt ein stor del av livet sitt. Kanskje hadde dei mista så mykje at det var vanskeleg å kome over dei bitre kjenslene.

  5. Tru på Jesus

"Eg kan ikkje seie at eg er nokon personleg kristen". Men bed du til Gud då, ville presten vite. Jau, mannen gjorde no det. "Meiner du at du treng Jesus". Jau, det meinte mannen at han gjorde. "Meiner du at Jesus kan hjelpe deg då?" Jau, det kunne nok Jesus gjere. "Men eg er ikkje nokon skikkeleg kristen likevel", sa mannen, "for eg lever ikkje slik dei kristne elles gjer". Det er nok mange som kjenner seg att i dette. Dei har ei tru på Jesus, men kan dei vere kristne når dei ikkje har dei same tradisjonane, den same livsstilen, som dei kristne elles ser ut til å ha? Den eine spedalske som kom attende og takka Jesus, høyrde ikkje til det gode selskapet av religiøse i Israel. Han var ein samaritan og Jesus kalla han for ein framand. Han hadde andre skikkar og tradisjonar enn jødane og dei ville sett på han som ein urein, sjølv om han ikkje var spedalsk. Men denne mannen hadde bede Jesus-bøna. Han hadde gjeve Jesus si takk og anerkjenning. Og Jesus seier til han: "Trua di har frelst deg!"

Så er det vel dette det gjeld om for alle menneske. Ikkje å følgje ytre tradisjonar og reglar. Men å kunne be hjarta si enkle Jesus-bøn og å kunne gje Jesus den rette anerkjenning og takk i ulike livssituasjonar. Då har du den tru som frelser deg.

Geir Sørebø