26. søndag etter pinse
Luk 17,20-30
GUDS RIKE SOM VAR, ER OG VERE SKAL

Adventistane greidde i si tid å rekne ut at datoen Jesus skulle komme attende var den 22. oktober 1844. Før den datoen hadde dei selt både gard og grunn. Dei hadde ikkje hausta grøda denne hausten. Det var det jo ikkje nokon vits i når jorda så likevel skulle gå til grunne den 22. oktober. Ein adventist frå den tida skriv:
"Dagen gjekk til endes, og dei ventande stod sorgfulle attende, akk, så sorgfulle. Framfor føtene deira låg berre bitane att av den vedunderlege skåla som hadde innehalde den evige gleda som dei alt hadde fått smake litt av. Dei hadde bedt og bedt: Kom, Herre Jesus! Men han kom ikkje!". Reknestykket var feil.

Når kjem Guds rike? Det var farisearane som spurde Jesus om dette. Når kjem den dagen alle verda sine presidentar og regjeringar skal verte feia til sides og Gud sjølv skal overta kontrollen fullstendig på jorda? Det ut frå Bibelen kan det gjevast eit trefaldig svar på dette:

1. Guds rike var i byrjinga

Kanskje har du opplevd ein sommardag på fjellet og setje deg ned i det mjuke graset ved ein bekk med heilt klårt vatn som renn forbi. Iskaldt rett frå ei snøfonn rett ovafor. Det er akkurat passeleg temperatur i lufta. Sola skin. Det er stille. Du ser ut over fjellheimen. Alt er så reint. Brått får du kanskje ei kjensle av at det er godt å leve. Du har på ein måte ein aning av Paradis.
Var det ikkje slik det var i byrjinga? Då verda var ein hage. Då alt var reint og ekte. Då mennesket ikkje hadde nokon vond tanke. Då mennesket ikkje hadde skam eller angst. Ingen ville finne på å spørje: Når kjem Guds rike? For ein levde i Guds rike. I Guds hage. Der Gud sjølv var nær. Der han gjekk mellom trea og kunne snakke med mannen og kvinna. Eit bilete, javel, men eit bilete som vil seie at i byrjinga var Guds rike. Alt var godt. Alt var ekte. Alt var reint.

2. Guds rike er no

"Guds rike er midt mellom dykk", svara Jesus då dei spurde han.
Det var ein norsk teolog som skreiv for eit par år sidan at når nordmannen i dag skal finne Gud så dreg han ut til hytta og set seg i solveggen og ser ut over fjellvidda. Og der gjennom ei duft sett saman av lyng og nytrekt kaffi med augo festa på ei snøfonn i horisonten får han ei aning av noko stort og godt. Og så tenkjer han: Kan det vere Gud - Guds rike. Ein avglans av Paradis?
Kva meinte Jesus då han sa til farisearane: Guds rike er midt imellom dykk. Han meinte truleg: Eg er midt i mellom dykk. Og Guds rike det er meg. Vend om, for himmelriket er nær, sa Jesus då han stod fram første gongen.
Når vi har dåp, bed vi: "Herre Jesus Kristus, du har sagt at ingen kan koma inn i Guds rike utan at han vert fødd på nytt av vatn og Ande".
Under nattverden ber vi kvar einaste gong: "Lær oss å elska kvarandre som du har elska oss, og gjev at vi ein gong kan samlast hjå deg i ditt fullkomne rike".
Den kristne lever i den trua og i det håpet at ved døypefonten og ved nattverdbordet - der kjem Guds rike. Der stig menneske over dørstokken inn i ei ny verd. Inn i Guds rike.
Guds rike er midt imellom dykk, sa Jesus til farisearane då han stod mellom dei.
Det same kan seiast i dag. Der Jesus møter oss - der er Guds rike.

3. Guds rike kjem ved slutten

Eg las om ein prest som fortalde korleis han hadde vore med og bede for ein som hadde kreft. Dei hadde bede for han i kyrkja og dei hadde samlast rundt senga hans på sjukehuset. Dei hadde avslutta med å be Fader Vår. Og presten hadde vorte gåande å tenkje på desse orda: Komme ditt rike. Ved senga til den sjuke hadde dei altså stått og bede: Komme ditt rike.Kva meining har det når Guds rike alt er mellom oss?
Teksten som vi har lese i dag, seier jo at ein dag skal det kome ei stor og dramatisk forandring på jorda. Like plutseleg og voldsomt som når lynet går frå himmelbryn til himmelbryn.
Det er den dagen Jesus kjem attende. Det som hender den dagen Jesus kjem attende, vert samanlikna med syndfloda og svovelregnet over Sodoma. Syndfloda og svovelregnet skulle gjere ende på alt vondt på jorda. Slik skal det vere den dagen Jesus kjem attende. Då bryt Guds rike synleg fram. Då skal det ikkje vere noko anna enn Guds rike. I dag er Guds rike her usynleg, ein dag skal det verte like brått synleg som lynet som går frå himmelbryn til himmelbryn.
Når kjem Guds rike? Spørsmålet er feil stilt. Guds rike var i byrjinga. Guds rike er her no. Guds rike skal kome ved slutten. Guds rike går gjennom all tid. Spørsmålet burde heller vere: Kven er det som får stige inn i dette riket?

Geir Sørebø