Vingardssøndagen

Luk 17,7-10

VI HAR BERRE GJORT SKYLDNADEN VÅR

Mange opplever sikkert husbonden i denne teksten som direkte usympatisk. Kanskje tykkjer nokre at dei kjenner att husmora sin situasjon her. Ho som arbeider utafor heimen, kjem heim, og straks må starte matlaging og husarbeid. Og attpå til vert alt sett på som sjølvsagt. Utan å kome med noko vurdering går Jesus ut frå denne kvardagslege situasjonen og nyttar han til å seie noko om vårt tilhøve til Gud. Noko om det å vere kristen. Kva seier han? Det kan samlast i tre punkt:

1. Å vere kristen er å vere ein tenar.

Det går ei historie på folkemunne om at då Einar Førde i si tid vart kyrkjeminister, så var det ein som kjende han som skulle fortelje om dette og som kom til å forsnakke seg på følgjande måte: "Han har sanneleg fått ein høg stilling no han Einar, han er vorten kyrkjetenar". Men eigentleg ligg det ei bibelsk sanning i den utsegna. Den høgste stillinga er å vere tenar. Kva var det Jesus sa ein gong: "Den som vil vere stor mellom dykk, skal tene dei andre". Det er interessant å sjå korleis Paulus omtalar seg sjølv, f.eks. i innleiinga til brevet til romarane: " Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma" (1,1). På den eine sida innsett til den største oppgåva i kyrkja. På hi sida er har først og fremst ein Jesu Kristi tenar. Når ein apostel er ein tenar, så kan heller ingen anna i kyrkja legge dette bak seg: Å vere ein Jesu Kristi tenar. Å vere kristen er å vere ein tenar.

2. Å vere kristen er å ha ein suveren Herre.

Han er temmeleg bestemt den husbonden som Jesus har som mønster i teksten vi las for dagen. Han spør ikkje tenaren om kva tenaren har lyst til å gjere. Nei, husbonden gjev ein kommando. Og tenaren får ver så god gjere det. Denne husbonden er hos Jesus eit bilete på Gud. Gud er den suverene som ikkje diskuterer med oss kva som er rette og gale. For nokre år sidan vitja eg den store Omar-moskeen i Jerusalem. Ingen fekk kom inn der med sko på. Alle måtte ta av seg det dei hadde på beina utafor og gå berrføtte inn. Slik respekt hadde muslimane for sin Gud. Her har vi kristne i dag noko å lære. Vi gløymer ofte at vi har ein Gud som er suveren og Heilag, og som vi kort og godt må bøye oss for. Det var vår Gud Moses møtte ved ei klungerbuske som brann då han fekk høyre ei røyst seie: "Ta av deg skorne, for du står på heilag jord". Gud var den suverene Herre som Moses måtte bøye seg for. Å vere kristen er å ha ein suveren Herre. Ja, i Bibelen er Gud kalla kort og godt for Herren. Kvar gudsteneste byrjar med å markere dette. Presten seier: "Lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre". Så kneler presten ned og seier: "Heilage Gud, himmelske Far. Sjå i nåde til meg..." Og slik må det vere med alt kristenliv. Det byrjar med at vi bøyer oss for Herren.

3. Å vere kristen er å gjere skyldnaden sin.

Det siste verset i teksten i dag er merkeleg. Det står at tenaren eller dei mange tenarane skal seie etter at dei har gjort alt arbeidet for Herren sin: "Vi er uverdige tenarar og har berre gjort skylnaden vår".

Eg høyrde om ein gong om eit ungt ektepar som hadde opparbeidd seg ei enorm gjeld. Ei gjeld som var så stor at dei ikkje ville kunne betale henne attende. Ein dag hende det at dei fekk fleire hundre tusen i gåve av ein gammal velståande mann som gjerne ville hjelpe dei. Eg kjenner ikkje noko meir til kva som hende. Men lat oss tenkje oss at dei to unge seinare hjelpte den gamle mannen med å klippe plenen hans. Og lat oss vidare tenkje oss at den gamle mannen kom og ville betale dei to hundre kroner for plenklippinga. Då tippar eg at dei to unge ville ha sagt: "Nei, kan skjøne vi ikkje skal ha betaling for det. Vi har då berre gjort deg ei lita teneste att for den store gåva du gav oss". - Eller som det stod i teksten i dag: "Vi har berre gjort skyldnaden vår".

Først: Å vere kristen er å vere ein tenar - å tene Gud og andre menneske.

Deretter: Å vere kristen er å ha ein suveren Herre - at vi bøyer oss for ein heilag Gud.

Men framom alt: Å vere kristen å ha fått ei enorm gåve. Ei gåve som er så stor at same kva vi utrettar, så må vi seie: "Vi gjer berre skyldnaden vår".

Geir Sørebø