IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Vingardssøndag

Luk 17:7-10

I PREIKA

Samtalepreike om å vere Guds tenar. Kva er det?? Kven er det?? Er eg det??

Dersom det finst rom, vil det vere fint å førebu i lag med ei barne-/ungdomsforeining. Kva tankar har dei om å vere Guds tenar? (Fint/slitsamt/mykje arbeid/glede……)

I teksten vert skilnaden mellom oss og Gud tydleg. Me er ikkje på lik line. Han er over, og me må bøyge oss for han – slik som me gjer under syndsvedkjenninga. Gud seier i Bibelen at han tilgjev den som ber han om det, for Jesu skuld. Det gjer oss til glade tenarar! Glade tenarar som har fått ei større gåve av Gud enn me nokon gong kan betale han tilbake. (sjå Geir sine tankar der han fortel om det unge paret med stor gjeld, - som får ei stor gåve..)

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 168: Gud lær meg å se

LITURGI

Syndsvedkjenning: La ei gruppe barn/unge vere med og førebu syndsvedkjenninga. Kanskje skal de bruke dykkar eigne ord? Slik at det vert lettare å forstå også for dei minste. La barna/unge knele på altarringen. Ein av dei kan lese – eventuelt presten.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J