Søndag før faste

Luk 18,31-43

"KVA VIL DU AT EG SKAL GJERE FOR DEG?"

Dette spørsmålet får meg til å tenkje på noko som hende i 1967. Då låg eg på ei sjukebåre på veg til sjukehus om bord i ein alminneleg rutebåt på Sognefjorden, på veg frå Balestrand til Høyanger. Eg låg der med sprukken blindtarm og var svært dårleg og kasta opp i eitt sett. Ved sida av båra sat det ei eldre dame som var passasjer på båten. Og ho sa: "Kva vil du eg skal gjere for deg". Og så gjorde ho det beste ho kunne få til. Når eg tenkjer attende på dette i dag, så ser eg henne for meg med ein engels ansikt. Lat denne søndagens bibeltekst få fortelje oss kva Jesus vil og kan gjere for oss

1. Jesus kan hjelpe.

Då eg var ein gutunge på 8-9 år hadde eg fått sykkel. Eg var på vitjing hos bestefar min som budde nokre mil unna. Eg fortalde han begeistra at no sykla eg heimafrå og heilt ned til fjorden. Ein veg på 5 km som eigentleg gjekk i eit rasfarleg område. Då spurde bestefar min: Kva gjer du dersom det kjem eit ras då? Å, svara eg: Då syklar eg i full fart. Då sa bestefar min: Når du opplever noko farleg, så skal du be til Jesus, for han hjelper deg. Det var god undervising. For eg hugsar orda tydeleg i dag 40 år seinare. Tenk om vi som er foreldre og besteforeldre i dag på ein så enkel måte kunne lære borna våre desse tre orda: Jesus kan hjelpe. For det er jo det Lukas fortel oss i den teksten vi nett las: Ein mann som ropa til Jesus i si naud. Og Jesus kunne hjelpe.

2. Jesus kan frigjere.

Det var ein mann som ringde meg om nokre forretningsmessige spørsmål. "Men først", sa han, "vil eg gjerne få fortelje deg noko heilt anna: Eg har møtt Jesus på ein ny måte. Halleluja!" Og eg tenkte med det same: "Hjelp! Kva er dette for noko?" Det var ingen ting anna ein mann som var glad og frigjort. Livet hans hadde vorte fornya. No prisa han Gud for det Jesus hadde gjort for han. Framfor kvart menneske han snakka med. På ein smittande og fin måte. Slik som den blinde, men etter kvart sjåande mannen ved Jeriko gjorde. Han gav seg i lag med Jesus og tok til å prise Gud på ein slik måte at det smitta over på alt folket.

Mange av oss - anten vi er kristne eller ikkje-kristne - er ofte altfor bundne. Vi er bundne av folkemeining og tradisjonar. Vi er bundne av våre lyster og vår frykt og mangt anna. Vi er ofte som figurane på eit dokketeater styrde av usynlege trådar. Og så er vi så lite i stand til å prise Herren. Å prise Herren kan vere så enkelt som at vi i nokre minuttar legg alt anna til sides for å takke og ære Gud for det han har gjeve oss. Vi kan gjere det heime. Men lovprisinga har alltid fungert best i fellesskap med andre.

3. Jesus kan frelse.

Ein kjend teolog fekk ein gong spørsmålet: "Når vart du omvend til Gud?". Han svara: "Eg vart omvend til Gud for 2000 år sidan på Golgata". Svaret kan høyrest underleg ut. Men med denne spissformuleringa ville han nok seie:

"Mitt kristenliv er ikkje grunnlagt på det eg har gjort eller det eg har opplevd. Grunnvollen for kristenlivet mitt er det som Jesus gjorde på Golgata". Det er noko underleg med den Bibel-teksten for denne søndagen:. Jesus hjelpte ein tiggar, gav han syn og sette han fri. Og folket prisa Gud. Men i denne samanhengen fortalde Jesus at han måtte fare opp til Jerusalem, lide og døy og stå opp att tredje dagen. Og då les vi at læresveinane skjøna ikkje noko av dette. Enno det var tredje gongen Jesus gjorde dei kjent med det som skulle hende. Det var løynt for dei. Her viser Lukas oss noko viktig. Noko som var typisk då Jesus levde, men som like mykje gjeld i dag. Folk kan rope til Jesus i storm og sjukdom. Og det er rett. For Jesus hjelper. Folk kan få åndelege opplevingar og samlast på stemner og i idrettshallar og prise Gud. Og det er fint, mange av oss kunne ha litt å lære her. For Jesus frigjer. Men så er spørsmålet: Blir du med Jesus opp til Jerusalem? Ser du at hans liding og død var nødvendig for at du kunne verte frelst? Læresveinane skjøna ikkje dette. Enno Jesus tala om det om att og om att.

"Kva vil du at eg skal gjere for deg?" Teksten legg svaret i munnen på oss: Vi kan svare:

"Jesus, hjelp meg, med det du veit er så vanskeleg for meg". Og vi kan halde fram: "Jesus, set meg fri frå alt det som du veit bind meg, så eg kan prise deg, takke og tene deg". Men så skal vi ende opp med det første og siste:

"Jesus, frels meg og tilgjev meg alle mine synder, for det er det eg treng meir enn noko for å kunne leve og døy med fred i hjarta".

Geir Sørebø