12. søndag etter pinse

Luk 18,9-14

NÅR SYNDSERKJENNING GJEV NYTT LIV

Det går ei historie om ei kone som sat og snakka med presten. Og så seier ho med eit sukk, slik vi ofte kan kome til å seie: "Eg no ein syndar, veit du". Då sa presten: "Ja, der sa du sanneleg noko sant". Men då vart kona kvass i målet og sa: "Å -, er det nokon som har sagt noko?" Ho ville ikkje ha det hengande på seg at ho hadde gjort noko gale. Ho hadde lært seg ein talemåte, utan heilt å ha erkjent sanninga om seg sjølv og sanninga om Gud. Teksten for denne søndagen hjelper oss til det. Teksten viser oss litt om tre grunnleggjande sanningar:

1. Vi får sjå sanninga om oss sjølve.

For nokre år sidan kom det ein plakat med den såkalla Anti-jantelova. På plakaten står 10 påstandar. Dei fire første er slik: "Du er eineståande. Du er meir verdt enn nokon kan måle. Du kan noko som er spesielt for deg. Du har gjort mykje du kan vere stolt av". Mange har denne plakaten hengande på soverommet. Det gjev ei god kjensle å kunne starte og avslutte dagen med å kikke over desse påstandane. Det er ikkje ubibelsk å halde fram mennesket sin store verdi og eineståande evner. "Du gjorde han lite ringare enn Gud, med ære og herlegdom krona du han", seier salmisten (Sal 8,6). Farisearen er seg bevisst sin kapasitet. Han let seg ikkje kue av noko jantelov, men takkar Gud for sine evner og legg ikkje skjul på at han har levd eit moralsk sett godt liv. Truleg er farisearen ekte og sann. Ja, han har sett ei vesentleg sanning ved mennesket. Mennesket er utrusta til å leve ansvarleg og moralsk. Og likevel manglar farisearen noko heilt grunnleggjande i si forståing av mennesket og den samanheng mennesket lever i. Dette gjer han fordi han ikkje ser klårt kven Gud er.

2. Vi får sjå sanninga om Gud.

Eg var for nokre dagar sidan på ein fjelltur. Det var på eitt av desse Vestlands-fjella som stuper loddrett mange hundre meter ned i dalen. Då eg kom fram mot kanten der eg kunne sjå sju hundre meter rett ned, fekk eg ei underleg skjelving i knea. Eg innsåg at eg kanskje kunne tore å nærme meg kanten av stupet dersom eg la meg ned og kraup på alle fire framover. Brått hadde eg ei oppleving av å vere eit lite ynkeleg, sårbart kryp i den store og ville naturen. Denne opplevinga hjelper meg til å forstå tollaren som kom inn i templet og fekk ei oppleving av å kome nær den store og heilage Gud. Fordi han fekk eit glimt av kven Gud var, så fekk han også ei ny erkjenning av kven han sjølv var. "Gud, ver meg syndaren nådig!" Tollaren sine or minner oss om orda til profeten Jesaja. Då han i eit syn fekk sjå den Heilage på den himmelske kongsstolen, så må han bryte ut: "Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lipper" (Jes 6,5). Men Jesaja sitt møte med Gud endar ikkje med at han mister livet. Tollaren si vedkjenning endar ikkje med at han får sin livskvalitet forringa. Tvert om dei vert begge oppreiste til nytt liv.

3. Vi får sjå sanninga om livet

For nokre år sidan opplevde eg at son vår, som då var ein 9-10 år gammal, vart påkøyrd i ein slalombakke og slegen bevisstlaus. Det var ei skræmande oppleving å sjå han liggje der livlaus i snøen og så vert køyrd med ambulanse til sjukehus. Han kom etter nokre timar til medvit igjen og kunne reise heim att etter eit par dagar. Denne episoden gav meg ei ny oppleving av at livet er ei gåve. Det var ei gåve ved fødselen. Og det er ei gåve frå dag til dag. Det åndelege liv er også ei gåve. Vi må verte fødde på nytt. Og vi så kvar dag avhengige av Guds nåde til oss gjennom Jesus Kristus. Tollaren gjekk rettferdig heim. Han hadde sett seg sjølv så lågt at han kunne ta imot livet, det åndelege livet, det evige livet av Gud.

Vi talar ofte overflatisk om oss sjølve, om Gud og om livet. Under overflata ser vi hos oss sjølve ei grunnleggjande spenning mellom vår stordom og vår vesaldom. Vi er eineståande skapningar, som samstundes i høve til Gud må bere ei skuld utan mål. Det er når vi vågar å sjå inn i denne vonløysa og vedkjenne oss vår synd, at vi vert i stand til å kunne ta imot det nye livet som vert rekt oss gratis gjennom trua på Jesus Kristus.

Geir Sørebø