3. søndag etter pinse

Luk 19,1-10

EIN STOR, LITEN MANN

Det var i ein søndagsskuletime for rundt 75 år sidan. Det dreidde seg om Sakkeus. Svigerfar min gjekk då på søndagsskulen, og søndagsskulelæraren stilte han følgjande spørsmål: "Kva var det Sakkeus gjorde då han ville sjå Jesus". Svigerfar min svara: "Sakkeus klatra opp i eit jordbærtre". Det vart stor latter på søndagsskulen, og svigerfar forstod at det også gjekk an å skjemme seg ut også på søndagsskulen. Rett nok var Sakkeus liten, men så liten var han ikkje. Eigentleg viste Sakkeus seg denne dagen som ein stor mann. Han var liten av vekst, men likevel stor i handling og liv. Korleis det? Jau:

1. Sakkeus våga alt for å få sjå Jesus

Eg minnest for nokre år sidan ein kveld på Karl Johan. På fortauet låg det nokre ungdomar i sovepose inntil veggen. Folk trakka forbi dei. Ungdomane skulle liggje der heile natta, og kanskje ei natt til for alt eg veit. Kvifor? Dei skulle sikre seg dei beste billettane til ein popkonsert. Dei overnatta gjerne både ei og to netter i sovepose på fortauet for å sitje nærast scenen når idolet kom til Norge og heldt konsert.

Sakkeus låg ikkje ute i sovepose, men han satsa ganske mykje på å få komme nær Jesus. Det var sikkert dei som drog litt på smilebandet då dei skimta den vesle rikmannen oppe mellom greinene. I fleire år reiste eg med pendlartog til Oslo om morgonen. Mange las morgonavisa eller eit vekeblad på turen. Men ein mann eg veit om las oftast Bibelen. Nokre drog kanskje på smilebandet. Nokre tykte kanskje det var pinleg. Men han ville gjerne sjå Jesus. Eg tykte han var stor. Like stor som Sakkeus.

2. Sakkeus vart sett av Jesus

Ein mann eg høyrde om, hadde ein draum. Han drøymde at det var masse folk samla på Brann stadion i Bergen. Ikkje fordi det var fotballkamp. Men fordi det var annonsert at Jesus skulle komme igjen på Brann stadion denne dagen. Etter ei tid kom Jesus inn på den grøne grasmatta. Og då vart mannen som drøymde overraska, for Jesus snudde seg og såg på han og nemnde namnet hans. Han var attkjend av Jesus! Berre ein draum, og likevel opplevde mannen det fantastisk. Tenk, han var attkjend av Jesus i ei mengd på 20 000 menneske. Det var jo dette Sakkeus opplevde. Og det endå han ikkje hadde vore i lag med Jesus før. Eg veit sjølv at dersom eg hadde vorte attkjend og helst på av kongen i ei stor folkemengd ved Karl Johan, så ville eg ha fått ei kjensle av å vere ein stor mann. Nesten like stor som Sakkeus. For han vart stor i den augneblinken han vart sett og kjend av Jesus.

3. Sakkeus opplevde eit gledeleg møte med Jesus

Sakkeus tok imot Jesus med glede, les vi. Det ser ut til at gleda like mykje har vore på Jesus si side. For Jesus kan erklære at frelse er komen til Sakkeus sitt hus.

Eg har ei gammal tante som for nokre år sidan fekk kongens fortenestemedalje. Ho var like etterpå i audiens på Slottet. Ho opplevde det som eit stor stund, ikkje minst var ho stolt over at kongen visste så mykje om henne og om det ho hadde arbeidd med i livet.

Sakkeus fekk ikkje ei ti minuttars vitjing på slottet. Nei, her var det kongen som kom og tok inn i hans hus. Det var kongen sjølv som var gjest. Ein så stor mann var Sakkeus. Tenk, han som alle i Jeriko hadde sett ned på. Han som dei hadde tenkt smått om. Denne mannen hadde i løpet av ein dag vorte ein stor mann. Ein mann som hadde mykje å gje til andre. Og alt berre fordi han hadde satsa på å få sjå Jesus, fordi han deretter hadde vorte sett av Jesus og opplevd eit gledeleg møte med han. Sanneleg ein liten, stor mann.

Geir Sørebø