IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

3. søndag etter Pinse

Luk 19:1-10

I PREIKA

Eg kan hugse at eg sat der på søndagsskulen, og prøvde å stokke fingrane mine slik som Unni, søndagsskulelæraren. Det var umogeleg, det kjentes i alle fall slik. Eg trur at det er difor songen har spikra seg fast i meg. Eg jobba skikkeleg for å få det til og sang og sang… (og til slutt etter mange år lykkast det…!) "…han klatret opp i et morbærtre, for han ville Jesus se, for han ville Jesus se!"

Men det var ikkje bare songen som sette seg fast, historia fengsla meg og! For her var ein mann som var så liten at måtte klatre opp i trea for å sjå. Snakk om gjenkjenning for ein som er liten sjølv. Eg trur at alle me ungane på søndagsskulen spissa øyra mens Unni fortalte. Dette kunne me forstå, han ville så gjerne sjå – men klara ikkje å sjå over alle dei andre. Så gjorde han det smarte: klatra opp i eit tre! Tenk, han som var for liten, vart større enn dei andre – og hadde den utsikta!

At han ville sjå Jesus, det skjønte me og, nysgjerrige som bare ungar kan vere. Tenk så spanande det hadde vore og ligge der saman med Sakkeus på ei grein. Sett at Jesus kom nærmare og nærmare og nærmare, - - - - til han sto der rett under treet, så nær at om eg hadde ha retta ut ei hand kunne eg tatt på hovudet til Jesus. I staden vart me liggande stille, stille. For Sakkeus ville ikkje bli oppdaga av nokon, det er litt flaut for ein vaksen mann å klatre opp i eit tre. Ein gjer visst ikkje slikt når ein er vaksen. Difor må du og ligge der musestille, sjølv om du har aller mest lyst til å slippe ned eit lite lauv som kunne kile Jesus på kinnet.

Plutseleg ser Jesus opp! Han visste at Sakkeus var der! Betre enn det, han visste kven Sakkeus var. Og nå ville han vere gjest i huset hans, vere venn med Sakkeus. "Sakkeus, skunda deg og kom ned! For i dag lyt eg ta inn i ditt hus." Gjett om Sakkeus kom seg fort ned av treet! Så lauv og kvistar spratt. Endeleg var det nokon som ville vere venner med han!!!! Og tenk, det var Jesus – han som han så gjerne ville sjå og bli kjent med!

Da Jesus kom inn i livet til Sakkeus snudde han opp ned på alt. Sakkeus var ikkje lenger den som tok for seg og lurte pengar av folk – nå gav han tilbake fire gongar så mykje som han hadde truga til seg. Og halvparten av alt han hadde gav han til dei fattige. Nå var Jesus det viktigaste i livet.

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 236: Sakkeus het en liten mann

LITURGI

Nattverd: Inviter menneske ned frå trea og fram til Jesus! Sjølv om sommerferien har komme til skulen kan det vere nokre igjen som kan vere med på gudstenesta, to stykker kan løfte opp brød og vin under innstiftingsorda.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J