11. søndag etter pinse

Luk 19,41-48

KVA SKAL KYRKJEBYGBYGNINGEN BRUKAST TIL?

Kva høver seg i ei kyrkje? Det er mange sokneråd som har grubla over det spørsmålet når det har kome inn søknader om å få leige kyrkja frå kor, dramagrupper og ulike slags arrangørar. Heldigvis har soknerådet eit godt regelverk å støtte seg til. Vanskelegare vert det ofte når det gjeld inventar, f.eks. ei ny altartavle. Kva høver seg i ei kyrkje? Vi har sett døme på strid om slike spørsmål som har kløyvd bygda og gått i åresvis utan at ein kom fram til eit endeleg resultat. Kva høver seg i ei kyrkje? Teksten for denne søndagen gjev oss tre svar:

1. I kyrkja høver det som set Jesus i sentrum

"Vi ville gjerne få sjå Jesus." (Joh 12,21). Slik stod det på ein liten lapp som låg på preikestolen ein søndag ein prest kom opp for å halde talen. Han skjøna straks at han i den seinare tida ikkje hadde halde preiker som hadde dreia seg om det sentrale. Han forstod at kyrkjelyden trong ei sterkare forkynning om Jesus og Jesu nåde. Presten la om kursen og det vart ein ny tone i preikene hans. Det høyrer med til historia at nokre veker seinare låg det ein ny lapp på preikestolen. Der var det skrive: "Læresveinane vart glade då dei såg Herren" (Joh 20,20). Jesus hadde vore i byen utan at folket hadde skjøna si gjestingstid. I denne avgjerande stunda for folket gjekk interesser og engasjement i andre retningar. Difor gret Jesus over Jerusalem. Han plasserte seg sjølv i templet. Han rydda plassen for handelsmennene. I templet lærte han folket. I Guds hus høver det seg at Jesus er i sentrum. Den gong som i dag.

Det er inga rett gudsteneste dersom ikkje vi på ein eller annan måte får sjå Jesus. Det er inga rett kyrkje dersom ikkje kyrkja hjelper oss til å sjå Jesus.

2. I kyrkja høver det som hjelper oss å tilbe Jesus

Mange av oss har vore på fotballkamp. Det som gjer det så artig å vere på fotballkamp, er at folk på tribunen er så med på det som hender på bana. Folk ropar: "Skyt! Få ut ballen! Framover på bana! Ut med dommaren!" Dei klappar og jublar og piper.

Folk på tribunen deltek i kampen på sin måte. Difor er det er fordel å spele på heimebane. Her er det noko vi i kyrkja kan lære om å delta. Delta i den åndelege kampen. Delta i song og bøner slik at det vert jubel, slik at det vert ei sterk og kraftig bøn til Gud.

Mitt hus skal vere eit bønehus, sa Jesus. Og skal det vere det, så må vi alle ta del. Ikkje berre som tilskodarar liksom framfor ein TV-skjerm. Men vi må ta del med vår sjel og vår munn.

I kyrkja høver det seg som hjelper oss å tilbe Jesus, det var det andre.

3. I kyrkja høver det som hjelper oss å finne fred

Kyrkjefaderen Augustin skriv i dei første linjene av si vidkjente bok Confessiones: "Ja, du gjer det til ei glede for oss å prisa deg, for du har skapt oss til deg, og hjarta vårt er urolegt til det finn kvile i deg". Kor mange menneske kan ikkje med Augustin vitne om dette. Livet var eit retningslaust mas og kav heilt til hjarta fann kvile i Gud. Mange av oss har vandra rundt i storbyens mylder, så funne vegen inn i ei kyrkje og kjent at her er staden der freden har eit ankerfeste på denne jorda. Jesus gret. Han gret fordi han var vonbroten over folket sitt. Han gret fordi han såg at folket hadde valt feil og fordi han såg at folket ville verte råka av ei katastrofe. "Hadde du berre visst, du og, på denne dagen kva som tener til din fred!", sa han.

Folket gjorde ikkje det. Dei hadde ikkje oppdaga at dei hadde besøk av Guds son. Han som kunne ha gjeve dei fred. "Fred på jorda hjå menneske som Gud har hugnad i", song englane då Jesus vart fødd. I kyrkja høver det seg som hjelper oss til å finne fred.

Det er bra at norsk kyrkjerett har eit godt regelverk for bruken av kyrkjene våre, men det spørst om vi ikkje finn dei beste retningslinene i teksten for denne søndagen:

I kyrkja høver det seg som set Jesus i sentrum, som hjelper oss til å tilbe Jesus og som gjer at vi kan finne den freden som overgår all forstand.

Geir Sørebø