IDEAR  FOR BORN I GUDSTENESTA

 

11. søndag etter Pinse

Luk 19:41-48

 

I PREIKA

Har me bedehus i kyrkja?

Mange seier at det er godt å koma inn i kyrkja – for her er ro og fred. Her kan ein sitje i sine eigne tankar – og samtale med Gud. Her er det ikkje så mykje som forstyrrar av kvardagens kjas og mas. Kyrkjerommet vert ein møteplass mellom oss og Gud. Eit bedehus = eit stille hus!?

Når ein har barn med seg i kyrkja er det ofte vanskeleg å få barna til å vere så stille som ein syns dei bør vere. Dei fleste foreldre vert ganske sveitte etter ein time i Guds hus. Korleis kan me la barna erobre kyrkjerommet og samstundes la det vere ein stille plass for ettertanke?? Eg veit ikkje heilt, men eg trur at også barn kan kjenne at kyrkja er eit annleis hus. Da må dei få hjelp til å finne sin plass i rommet. Det tyder at vaksne må tåle at barn nokre gongar lagar lyd, utan at det var meininga å bråke… Og barna skal få lære at nokre gongar er det fint å vere heilt musestille. Draumen er at det er plass for alle i gudstenesta både liten og stor. 

 

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 726         Eg faldar mine hender små

 

LITURGI

Forbøn                     Lag hjarter av raudt papir. Del ut ved inngangen, sei at alle må passe godt på hjarta og at det skal brukast seinare i gudstenesta. Under forbøna skal alle ta med seg hjarte og legge det frå seg på altaret, be dei om å ”legge” bøna til Gud i hjarte. Me ber til Gud om det som ligg oss på hjarta. Dersom det er mogleg kan ein også la kyrkjelyden tenne ljos på veg tilbake til benken (NB! Pass på at det er nok ljos!)

 

  God sommar!!  

Anne Berit J