Julaftan

Luk 2,1-14

FØDD AV GUD - MEN IKKJE PÅ FØDEKLINIKKEN

I dag meiner mange ekspertar at fødslar bør skje på ein stor fødeklinikk med mykje avansert utstyr. Bibelen talar mange gonger om å verte fødd av Gud. Det er ei fødsel som ikkje skjer på nokon fødeklinikk, men på mange andre underlege og uventa stader. Med juleevangeliet som utgangspunkt kan tre stader nemnast:

1. Fødd av Gud i ein stall

Det var for nokre år sidan på ei skulegudsteneste før jul i eit lite kapell. Eg hadde med ei krubbe full av tørt høy. Vi la ei dokke så stor som ein baby oppi høyet. Ein av dei mindre barna som sat på fremste benk, utbraut: "Men høyet måtte jo stikke han forferdeleg!". Ja, truleg var det ikkje så komfortabelt å verte fødd i ein stall. Men eg trur det måtte vere slik fordi Jesus vart fødd av Gud. Fødd av Maria møy, seier vi i trusvedkjenninga. Paulus skriv: "Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne" (Gal 4,4) Men Johannes skriv at Jesus var fødd av Gud (1 Joh 5,18 - Bibelselskapet si siste omsetjing). Fødd av Maria. Fødd av Gud. Fødd i ein stall.

Kona mi var i Afrika for nokre veker sidan. Ein stad møtte ho ei kvinne som kom med den nyfødde babyen sin innpakka i papir. Fødselen hadde skjedd heime. Kanskje mellom dyra. Det hadde gått gale. Babyen døydde. Guds son vart fødd til jorda i ein stall, for at også fattige menneske skulle forstå at han var deira Gud. Hans fattige foreldre hadde inga anna seng enn ei krubbe. Fattige gjætarar fekk melding frå Gud om å leite etter Messias i ei krubbe. Fødd av Gud i ein stall. Ein merkeleg stad å verte fødd.

2. Fødd av Gud ved ein døypefont

I byrjinga av desember ringde ei mor til meg og spurde om barnet hennar kunne verte døypt i familiegudstenesta på julaftan. Min første tanke var at det høver seg ikkje med dåp på julaftan. Men brått gjekk det opp for meg: Det høver jo glimrande. For i dåpen hender på ein måte det same som hende i stallen i Betlehem. Eit barn vert fødd av Gud.

Rundt krubba i Betlehem stod foreldra, gjætarar og vismenn. Alle desse var vitne. Dei hadde høyrt englane tale om frelsaren. Dei hadde følgd stjerna. Dei såg barnet - fødd av Gud inn i denne verda.

Rundt døypefonten i Bjordal kyrkje står det julaftan foreldre og vitne. Dei har høyrt ordet om frelsaren. Dei har følgd si tru. Dei ser barnet - fødd av Gud inn i Guds rike (Tit 3,5).

Ved eit Guds under vart Jesus fødd som eit barn inn i vårt rike. Ved eit Guds under vert våre born fødde på nytt inn i Jesus sitt rike. Fødd i ein stall. Fødd ved ein døypefont. To merkeleg stader å verte fødde på.

3. Fødd av Gud under ein talarstol

Eg tala ein gong på ein juletrefest over dette bibelordet: "Nåden og sanninga kom ved Jesus" (Joh 1,17). Eg la vekt på at då Jesus vart fødd, så var det Guds store nåde og kjærleik som kom til jord. Eit års tid etterpå snakka eg med ei eldre dame som sa: " Det skjedde noko med mannen min på den juletrefesten. Han vart fornya og fann fram fred med Gud". I mange år hadde han streva med noko i sitt kristenliv som vart forløyst. Han var fødd på nytt ved Guds ord under ein talarstol. Det skjedde fleire fødslar i Betlehem. Gjætarar begynte å lovprise Gud. Vismenn kom og bøygde seg for Jesus-barnet. Og i Jerusalem sa ein gammal mann ved synet av Jesus-barnet at han no kunne forlate denne jorda med fred. Menneske vart fødde på nytt av Gud etter å ha møtt Jesus. Dette skjer stadig når evangeliet lyder (1 Joh 5,1). Fødd i ein stall. Fødd ved ein døypefont. Fødd under ein talarstol.

I Norge vert fødslane meir og meir sentraliserte til store institusjonar. I Guds rike er det annleis. Fødslar skjer på dei underlegaste stader. Den som vert fødd av Gud kan verte fødd i ein stall. Ved ein døypfont. Under ein talarstol. For Gud er komen til jorda. Til alle jorda sine fattige menneske. Velsigna juleevangelium!

Geir Sørebø