IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Julaftan

Luk 2:1-14

I PREIKA

Denne jula har eg tenkt at preika skal handle om at Gud sende oss Jesus som verdas beste julegåve fordi han er glad i oss. Eg har fått låne ei julekrybbe med mange figurar av ei venninne. Denne skal stå godt synleg i kyrkjerommet. Men krubba skal ikkje vere fulltalig, ein viktig detalj vil mangle à Jesusbarnet! Jesusbarnet har eg på førehand pakka inn i julegåvepapir.

Eg vil starte preika med å spørje folk om dei har sett på den fine krubba eg har med. Så vil eg spørje om dei har lagt merke til at det er noko som manglar!? Eg vil stoppe litt ved spørsmålet: "Kva er jul utan Jesusbarnet?", før eg går vidare til å snakke om julegåver og kor kjekt det skal bli å pakke opp julegåver litt seinare på kvelden. Kvifor gjev vi kvarandre julegåver? Fordi me er glad i kvarandre, og ønsker å glede andre….

Så finn eg fram julegåva eg har pakka inn, og seier at eg vil pakke opp ei gåve litt på forskot (kanskje er det alt fleire av ungane som har fått gjere det på føremiddagen). På merkelappen står det: Til alle menneske. Frå Gud. Når julegåva er pakka opp syner eg fram: Jesusbarnet. Jesusbarnet er verdas beste julegåve som kom til alle menneske. Til fattige og rike. Til store og små! Til dei som gler seg til jul og dei som gruar seg til jul. Gud gav oss denne flotte julegåva fordi han er glad i oss, og vil vere i lag med oss!

Som avslutning vil eg lese "Stille natt, heilage natt" (Barnesalmeboka nr. 24), - kanskje kan nokre barn synge den?

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 61: Eg er så glad kvar jolekveld

LITURGI

Juleevangeliet: (For dei som har ei stor krubbe i kyrkja) Lat eit lite barn (5 år og oppover) få kome fram og leggje ei dukke i krubba når ein kjem til vers 6 i juleevangeliet. Dersom mange barn kan og vil vere med kan dei gjerne få ulike roller, som spelast (utan replikkar) medan ein les teksten. Dette bør ein øve godt på på førehand!

Velsigna julehøgtid!

Anne Berit Sunde J