NYÅRSDAG
Luk 2,21
JESUS OG TSUNAMI
Nyårsdag er etter tradisjonen Jesus sin namnedag. Dette fordi nyårsdag kjem 8. dagar etter juledag og fordi det heiter i Lukas sin tekst: "Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus". Tre namn kan kome til å stå i fokus denne dagen:
1. Det fryktbringande namnet
I forkant av nyårshelga 2004 lærde vi eit nytt namn. Tsunami. Tsunami er japansk og skal omsett til norsk kunne bety hamnebølgje. Første stavinga tsu har betyr hamn og andre stavinga nami betyr bølgje. I ei hamn er det vanlegvis ikkje bølgjer. Hamna er den staden som ligg i ly for vinden og vinden sine bølgjer. Bølgjer i den trygge hamna må altså vere skapte av andre krefter enn vinden. Større krefter enn det som vanlegvis kjem til syne i kuling og storm. Kva ein tsunami er i praksis fekk vi sjå 2. juledag då jordskjelvet i Det indiske havet utløyste ei kjempebølgje som braut inn mot alle kystar omkring like til Austkysten av Afrika. Menneske langs strendene var overrumpla og i skrivande stund kan det sjå ut som minst 100 000 har mist livet og millionar har vorte heimlause. Det er krefter så enorme som vert sett i sving at det er ikkje rart mange tenkjer på Jesus sine ord i Luk 21,25 om dei siste tidene då det skal vise seg mange endeteikn, "og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn". At havet til ei kvar tid har vore og vil vere ei trugande makt for menneskelivet, kan mange som lever langs norskekysten stadfeste ut frå bitre erfaringar. Tsunami er eit ord som får menneske til å skjelve, for det følgjer død med dette namnet.
2. Det gledebringande namnet
Eg hugsar at et ein gong i ungdomstida mi var på eit vekkingsmøte i eit lokale i Bergen der ein kjend vekkingspredikant tala. Han fortalde ei dramatisk historie om korleis han ei natt på eit hotellrom hadde vorte overfallen av vonde åndskrefter. Han opplevde at djevelen sjølv var der i mørkret og tok strupetak på han. Predikanten kjempa imot, men det var først då han ropa Jesus, Jesus at den vonde slepte taket og fordufta. Jesus-namnet kunne fordrive alle vonde krefter, det var predikanten sitt poeng. Kanskje hadde han hatt ein draum, eit mareritt, ikkje veit eg.
Josef hadde fått melding frå ein engel om å kalle barnet for Jesus (Matt 1,21). Det er oppfølginga av dette teksten for nyårsdag fortel om. Namnet Jesus er avleidd av det hebraiske verbet "jasja" - å frelse, og kan omsetjast til norsk med "Herren frelser". Namnet set ord på kva barnet si gjerning skal vere. Jesu namn skal etter sin død verte eit teikn på at den oppstadne Jesus er nærværande med all si kraft. Paulus skriv til korintarane:
(1 Kor 5, 4) "De skal samlast i Herren Jesu namn, og eg vil vera med dykk i ånda, og vår Herre Jesu kraft skal vera med oss".
3. Århundrets namn
NRK er i ferd med å planleggje kåringa av århundrets nordmann. Kva er det sentrale namnet i Noreg i perioden 1905 - 2005? Vi skal alle kunne vere med og gje vår stemme. Blir det ein idrettsmann? Blir det kongen? Blir det ein politikar? Ein forfattar? Eigentleg er jo dette ei umogeleg kåring. Det valet som eg gjer dersom eg skal stemme, er bestemt av mine verdiar og kva som betyr noko for meg. Namnet eg stemmer på seier noko om kven eg vil identifisere meg med og ha som ideal.
Det vil vere mange som seier at Jesus er dei to siste årtusen sitt namn i verda. Fordi dette namnet har brakt oss den verdi som står over alle verdiar: Herren hjelper og frelser syndarar. Namnet har synt oss den kjærleik som er sterkare enn døden.
Vi gjer stadig nye erfaringar og lærer nye namn. Mange av oss har lært ordet tsunami for første gong ved dette nyårsskiftet. Eit namn på ei kraft som det er knytt død og liding til. Mange leitar etter eit namn som det er knytt liv og von til. Eit namn som er sterkare enn tsunami. Bibelen løfter fram namnet Jesus. Det er namnet på han som var i krybba, som var i båten på sjøen, som talte på stranda, som følgde menneske i all liding, som viste dei ein ny veg til Gud. Tsunami har ei kraft som er sterkare enn livet til mange menneske. Men Jesus- namnet har ei kraft som er sterkare enn døden.
Navnet Jesus blekner aldri, tæres ei av tidens tann.
Navnet Jesus det er evig, ingen det utslette kann.
Geir Sørebø