Søndag etter jul

Luk 2,25-38

KVA GJER VI MED JESUS-BARNET?

Eg høyrde ei historie om ein familie som hadde vore i kyrkja på julaftan. Dei pleidde ikkje å gå så ofte i kyrkja. Det var som regel berre julaftan dei var der. Dei hadde ein gutunge på 6 år, og han hadde sett presten berre julaftan, og då dei kom utafor kyrkja etter gudstenesta, spurde han foreldra: "Kvar gjer dei av presten fram til neste jul?"

Vi kunne vel kanskje snu litt på spørsmålet og spørje: "Kvar gjer vi av Jesus-barnet fram til neste jul?" I julehelga finn vi Jesus-barnet i alle heimar. På julekort. På juledekorasjonar. I juleforteljingar. Men kva gjer vi så med Jesus-barnet? Pakkar vi det vekk til neste desember? Lat oss bruke personane i teksten for denne dagen som førebilete og gjere som dei:

1. Lat oss gjere med Jesusbarnet slik Maria og Josef gjorde

Av og til lurer eg på kvifor eg sjølv vart prest. Eg hadde aldri tenkt meg noko slikt då eg byrja på vidaregåande skule. Eg veit det er barn som har bestemt seg for å verte prestar frå dei var 7 år gamle. Slik var det ikkje med meg. Eg trur det hadde med det å gjere at eg i gymnastida langsamt fekk augo opp for Jesus. Eg høyrde på kva folk fortalde om han. Det var andre elevar på skulen. Det var andre kristne. Det var prestar. Eg møtte ulike menneske som kunne fortelje at Jesus hadde forandra livet deira. Eg trur eg på ein måte gjorde som Maria og Josef. Eg høyrde kva som vart sagt om Jesus, og så undra eg meg over dette. Etter kvart måtte eg tru at i Jesus ligg ei stor og god kraft for alle Lat oss gjere som Maria og Josef. Dei lytta til kva som vart sagt om barnet og undra seg over det. I juleevangeliet står at Maria gøymde alt gjetarane fortalde i hjarta sitt og grunda på det. Og i teksten for denne søndagen høyrer vi at i templet møter dei Simeon og Anna, og igjen står det at foreldra til Jesus undra seg over det som vart sagt om Jesus-barnet.

Lat oss gjere som foreldra gjorde. Lat oss høyre kva folk fortel om Jesus og lat oss så grunde på det.

2. Lat oss gjere med Jesus-barnet slik Simeon gjorde

Lukas fortel at han tok barnet i armane sine og lova Gud. Det er nok mange besteforeldre som har teke det første barne-barnet sitt i hendene, lyfta det opp og følt at livet no var komen inn i ein ny fase. Sokneprest J.J.Jansen hadde for rundt 100 år sidan ei veldig fin opning på preika si denne søndagen: Han seier: "Gamle Simeon hadde gripe det vesle barnet på armane sine. Men, seier Jansen, i røynda var det nok det vesle barnet som hadde gripe den gamle Simeon om hjarta. Det er godt å vere gripen av Kristus. Er du det?" Ja, det er eit godt spørsmål. Er vi det? Er vi gripne av Kristus? Eg har ved eit par høve sett på fjernsynet ein ung mann som har Elvis Presley som sitt store ideal. Han har satsa alt på å likne han så mykje som mogeleg. Han har teke plastiske operasjonar. Han kler seg som Elvis. Han prøver å syngje som Elvis. Han kan alt om Elvis. No kan vi sikkert ha ulike meiningar om dette prosjektet. Men mannen er i alle høve gripen av Elvis. Tenk om vi vart gripne av Jesus-barnet. Av Jesus.

Kva gjer vi med Jesus-barnet? Gjer som Simeon. Ta imot barnet i glede og sjå at barnet er din frelsar. Og lat deg slik gripe av Kristus. Simeon opplevde at etter dette kunne han døy i fred.

3. Lat oss gjere med Jesus-barnet slik Anna gjorde

Anna Fanuelsdotter høyrer ikkje med til dei mest kjende figurane i Bibelen. Men ho gjer noko vi skal leggje merke til. I ein setning står det: Ho tala til barnet om alle som venta på frelse for Jerusalem.

Det var ein gong i min barndom. Eg var invitert i eit konfirmasjonsselskap på ein gard i bygda. Under middagen var det nokre som tok ordet og ønskte konfirmanten velkomen inn i dei vaksne sine rekkjer. Og nokre drog fram eit par minne frå barndommen. Så var det ei gammal kvinne frå bygda som tok ordet. Ho sa ikkje så mykje, men eg hugsar eit par setningar. Ho sa det omtrent slik: "Eg har råd å gje deg. Hugs alltid på Jesus! Han vi hjelpe deg, for han har hjelpt meg". Ho var ei "Anna" i bygda. Og er det ikkje slike kvinner som har halde vitnemålet om Jesus levande i landet vårt?

Kva skal vi gjere med Jesus-barnet no når jula sine store dagar er over? Lat oss sjå på Bibelen sine førebilete. Lat oss gøyme orda om Jesus i vårt sinn. Lat oss tillate Jesus å gripe vårt hjarta. Lat oss tale Jesus til alle som treng hans frelse.

Geir Sørebø