Olsok

Luk 22,24-27

Når den største vert den minste

Teksten for Olsok kan ved første augnekast synest å stå i kontrast til det kjeldene fortel om Olav den heilage. Snorre Sturlason skriv slik innleiingsvis i soga om Olav den heilage om den unge Olav Haraldson: "Han var kapphuga i leik, og han ville vera fyrstemannen av alle, som rimeleg kunde vera, med det stand og den ætt som han hadde".

Og så talar teksten som er vald for Olsok-dagen om ein annan rangordning. Det vil seie teksten talar om ulike slags rangordningar. Den som gjeld i alle verdsens rike og den som gjeld i Guds rike. Tre ideal kjem fram gjennom teksten.

1. Det gjeld å vere den leiande

I ferietida er vi i familien som regel ein tur på Sørlandet. Då plar eg kvar morgon springe gjennom den same trimløypa utafor Kristiansand, og kvar år møter eg den same gruppa med pensjonistar som også er ute på sin morgontrim. Eg har lagt merke til at det alltid er den same mannen som går først i løypa. Det har sikkert berre vorte slik. Han har vorte leiaren på trimturen. Der ei gruppe med menneske gjer noko saman er det som regel ein som etter kvart vert leiaren. Ja, det er slik at det er om å gjere å verte leiar, organisere andre, planlegge og ta styringa. Det er ofte dette som gjev mest status på arbeidsplassen, i heimen og i samfunnet. Slik er det heilt normalt at det vert strid mellom læresveinane i det Jesus skal forlate dei om kven som no skal verte sjefen. "No vart det strid mellom dei om kven som skulle gjelda for den største" (v.24). Dette idealet kjenner vi så altfor vel att frå vår samtid. Det gjeld å vere den leiande.

2. Det gjeld å vere den tenande

Det er mange kyrkjelydar som har lyst ledig diakonstilling utan å få søkjar. Det har i grunnen undra meg litt, for det har så langt eg har lagt merke til vorte utdanna ein del diakonar frå høgskulane våre. Diakonen i kyrkjelyden har ein tenande stilling. Ein stilling som skulle vere innvinkla mot å lindre andre si naud både åndeleg og fysisk. Er det slik at heile samfunnet vårt ikkje ser stort på stillingar som er oppretta for å tene andre. For ikkje å snakke om det friviljuge arbeidet som skulle finnast i alle bygdelag og som skal tene fellesskapet. Det er ikkje lenge sidan eg høyrde om ein mann som hadde lege død i ein månad i heimen sin utan at nokon nabo hadde lagt merke til det. I teksten for Olsok kjem eit omvendt ideal fram. Den største er tenaren. Han som yter og gjev for dei andre. Han som har retta sitt liv inn - ikkje for å leie - men for å tene. "Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren" (v.26). Dette idealet saknar vi ofte i vår samtid. Det gjeld å vere den tenande.

3. Det gjeld å følgje Jesus etter

I Kyrkjebø kyrkje, ei av kyrkjene i den kommunen eg bur, er det eit svært gamalt krusifiks, som viser det lidande Kristus på krossen. Det som er typisk for desse krusifiksa frå den første kristne tida i Norge er at den lidande Kristus på krosse ber kongekrune. Nett i lidinga for andre, ja, i det han gjev livet sitt for andre er det Kristus står fram som kongen, det rette leiaren i Guds rike. "Men eg er som ein tenar mellom dykk" (v.27), sa Jesus til læresveinane som ein konklusjon på diskusjonen om kven som var den største av dei.

Olav den heilage sine metodar og framferd kan nok vurderast på ulike måtar. Han var som alle eit barn av si tid. Men Snorre fortel om ein konge i bøn før slaget på Stiklestad. Han fortel om korleis han gjev Arnljot Gjelline dåpsopplæring like før slaget tek til. Og i den siste talen til hæren seier kongen: "Eitt av to: anten skal eg vinna på bøndene, eller so falla her. Eg vil beda om at den tingen hender som Gud ser batar meg mest". Ein harbarka krigar vart sterkt prega av Kristi eksempel. Og at Kristus på denne måten kan verke inn og gje oss andre ideal, er grunn nok til å feire Olsok og repetere soga om Olav Haraldsson som vart Olav den heilage.

Geir Sørebø