Langfredag

Luk 22,39-23,46

DOMEN OG FRIDOMEN

Langfredag handlar om dom. Dom over mennesket. Dom over Jesus. Men langfredag handlar også om fridom. Fridom for det mennesket som ser inn i Jesu dom. Dette kjem fram ikkje minst i den vesle samtalen på krossen mellom Jesus og dei to røvarane. Denne situasjonen viser oss følgjande:

1. Vi er alle under dommen

I Norge vert det avsagt mellom 200 - 300 000 dommar kvart år i forliksråd, by- og herredsrett, lagmannsrett og høgsterett. Og det er tilsvarande mange menneske som er under dommen. Men den som ikkje vert dømd av rettsapparatet, går ikkje dermed fri. Kvar bygd og grend har sin folkedomstol som fordeler skuld og uskuld mellom dei som bur der. Og vil ikkje andre dømme meg, så har eg eit samvit som ofte dømmer meg.

Vi er alle under dommen. Og den eine brotsmannen på krossen seier: "Vi får berre att for det vi har gjort" (23,41). Ei utsegn om to brotsmenn. Ei utsegn som eigentleg gjeld alle menneske. Å leve er å vere under dommen. Den som ikkje erfarer dette i levande live, skal likevel ein dag gjere den oppdaging som Paulus skriv om: "Vi skal alle fram for Guds domstol" (Rom 14,10)

Vi er alle under dommen. Ja, faktisk under dødsdommen. Det er vel denne smertelege sida ved det å vere menneske som evangelistane stansar ved når to brotsmenn vert hengde opp ved sida av Jesus. Langfredag heng mennesket på krossen. Under dommen.

2. Fordi vi er under dommen, kom Jesus under dommen.

For mange år sidan var det to karar i ei bygd som eg minnest som vart uvener pga. av ein hund. Den eine av dei hadde teke livet av hunden til den andre. Noko han truleg meinte han hadde god grunn til. Det vart rettssak. Saka vart anka frå heradsretten til lagmannsretten. Og vidare til høgsterett. Dei hadde kvar sine advokatar. Ingen kunne akseptere ein dom mot seg..

Jesus anka ikkje dommen. Nei, det ser faktisk ut til at han reiste til Jerusalem for å få dødsdommen. Tre gonger hadde han fortalt læresveinane om dette. Då han vart arrestert i hagen ville han ikkje forsvare seg. Han førte ingen forsvarstale framfor Pontius Pilatus. Han appellerte ikkje til andre si medkjensle. Han protesterte ikkje mot dei som plasserte han på ein kross midt mellom to brotsmenn. Han skjenner ikkje på dei som krossfeste han. Tvert om. Han bad om at desse måtte få Guds tilgjeving. Det let seg ikkje gjere å forsvare Jesus, for han godtok dommen.

"Dette må vi gjere for å oppfylle all rettferd", hadde Jesus sagt då han vart døypt med syndardåp. Det gjaldt like fram til krossen. Fordi vi menneske er under dommen, kom Jesus under same dommen.

3. Då Jesus kom under dommen, fekk vi tilbode fridomen

Det hender visst at forbrytarar går fri fordi ein annan vert straffa. Ein som var uskuldig. Per Liland sat ein stor del av sitt liv i fengsel. Ein skuldig må ha gått fri. Eg har møtt menneske som seier: "Er dette er kristendom, då er eg ikkje interessert. Eg vil stå for det eg har gjort i livet. Eg vil sjølv vere ansvarleg. Eg kan ikkje tenkje om meg sjølv at eg er ein brotsmann og samstundes tru at eg skal gå fri hos Gud fordi ein annan har vorte straffa i min stad". Men lat oss då sjå på brotsmannen på krossen. Han seier ikkje: "Jesus ta mi straff. Bær min dom". Han seier: "Kom meg i hug når du kjem i ditt rike".

Brotsmannen måtte gå gjennom lidinga på krossen. Han sona sin dom her på jorda. Han opplevde det merkelege at Jesus var under same dommen. Ja, at Jesus hadde valt å vere der. Den rettferdige hadde valt å vere der. I si forundring utbraut han desse orda: "Kom meg i hug når du kjem i ditt rike". Vil Jesus også der vere hos han? Jesus sitt svar har vore den siste trøyst for fleire enn brotsmannen på krossen: "Sanneleg, det seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis".

Jesus var komen inn under dommen. Brotsmannen vert tilboden fridomen. Ikkje som resultat ein lettvint bytehandel. Ikkje som resultat av ei forveksling av roller. Nei, som ei følgje av ei samanbinding som ikkje kan løysast opp. Jesus valde å vere i lag med brotsmannen under dommen. Det gav brotsmannen retten til å velje å vere saman med Jesus under fridomen. Paradiset sin uendelege fridom.

Geir Sørebø