2. påskedag

Luk 24,13-55

KVAR ER DEN OPPSTADNE?

Gjennom fjernsyn og aviser møter vi nauda i verda. Vi ser 100 000 vis av flyktningar som ikkje ser von for morgondagen. Vi ser born utan foreldre. Vi ser foreldre som har mist sine born. Vi ser nokre som ber bort ein som døydde i natt. Vi ser fly med bomber. Vi ser uforsonlege statsleiarar. Kvar er den oppstadne?

Truleg var dette også samtaleemnet mellom dei to på vegen mellom Emmaus og Jerusalem. Dei dei hadde opplevd mykje grusomt i Jerusalem. Jesus sitt inntog i byen. Arrestasjonen. Forhøyret. Krossfestinga. Og tidleg om morgonen denne dagen: Ryktet om at Jesus var borte. At grava var tom. Kvinner som sa at han var oppstaden. Men kvar var han då? Lat oss sjå på bibelteksten sitt svar:

1. Jesus er mellom venene sine

Den som har opplevd å vere foreldre, har heilt sikkert vore i den situasjonen at ein kveld så var ikkje ungdommen på 14 år kommen heim til avtala tid. Det tok kanskje til å verte mørkt, og far eller mor tok til å verte engsteleg. Ein måtte finne ut av kvar guten var. Kva er det første foreldre då gjer? Dei ringjer til venene. Dei spør: Er son min heime hjå dykk? Og svaret er som regel: Ja. For dei fleste av oss vil gjerne ver i lag med venene våre.

Dei to som gjekk på vegen til Emmaus, var Jesus sine vener. Dei hadde Jesus i tankane. Dei snakka om Jesus. Og midt i samtalen kom ein mann og slo følgje med dei. Den tanken streifa dei ikkje at det var Jesus. Dei hadde visst gløymt at han ein gong hadde sagt: "For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei." (Matt 18,20) No var det Jesu namn som stod i sentrum av samtalen. Og Jesus var der slik han hadde lova. Kvar er den oppstadne? Den oppstadne er mellom venene sine når dei samlast i hans namn.

2. Den oppstadne er i Bibelen

For ein del år sidan var eg pendlar. Eg reiste med toget kvar morgon frå Askim til Oslo. Det tok ein time kvar veg. Folk sat stort sett og sov eller las i avisa. Men ein kar som eg kjenner, pleidde som regel sitje å lese i eit lite Nytestamente som han hadde med seg på innerlomma. Først tykte eg dette var litt merkeleg. Men eigentleg var det ein fin måte å nytte tida på. Reisa vart ei reise saman med Jesus.

Kva var det mannen gjorde som kom til dei på vegen til Emmaus? Han tok til å leggje ut for dei alt som stod skrive om Jesus heilt frå først i Det gamle testamentet og utover mot slutten. Det er mange som er samde om at Bibelen er ei viktig bok. Ei bok som inneheld mykje visdom og mykje fin dikting. Men likevel - alt dette bleiknar i forhold til dette faktum: I Bibelen møter vi Jesus. Kvar er den oppstadne? Vismenn kan leite etter han bak alle stjerner utan å finne eit einaste spor. Eit enkelt truande menneske kan slå opp sin bibel og finne han med ein gong. For den oppstadne er i Bibelen.

3. Den oppstadne er i nattverden

For litt sidan fortalde justisministeren på TV korleis han kom fram til ei avgjort kristen tru. Han var for nokre år sidan i ei sjømannskyrkje på gudsteneste. Han vart gripen av det forkynte ordet, og deretter gjekk han fram og deltok i nattverden. Slik møtte han Jesus.

Dei to som gjekk på vegen, fekk oppleve noko merkeleg då dei kom til Emmaus. Medan dei sat ved bordet og åt, tok gjesten brødet og braut det akkurat som Jesus hadde gjort siste kvelden. Og då oppdaga dei det: Det var jo den oppstadne sjølv som var mellom dei. Og som no gav dei brødet. Kvar er den oppstadne? Han er i nattverden.

Emmausvandrarane sin veg tok til med samtalen om Jesus. Deretter kom eit stykke med bibelstudium. Vegen enda med nattverdsfeiringa. Denne Emmaus-vegen skulle alle kristne gå. Først samtalen om Jesus. Så høyring og lesing av Guds ord. Så feiringa av nattverden. For det er her den oppstadne møter oss og gjev oss styrke til å møte denne verda sine brutale utfordringar.

Geir Sørebø