Kristi himmelfartsdag

Luk 24,46-53

AVSKILSGLEDE

Det er ikkje normalt at vener er strålande glade når dei veit at dei ser kvarandre for siste gong. Det kan vere tungt å seie farvel til nokon som står oss nær når dei skal ut på ei lang reise og kanskje vere borte i eit års tid. For ikkje å snakke om det siste farvel med vener som ligg i si sjukeseng. Bibelteksten for Kristi himmelfartsdag er underleg. Jesus tek farvel med læresveinane. Dei skal aldri sjå han att meir, og så står det at dei gjekk attende til Jerusalem i stor glede. Dette går det berre an å forstå dersom vi fattar litt av kva det vil seie at Jesus vart teken opp til himmelen. Det som teksten seier om dette, kan summerast i tre punkt:

1. Jesus er alle stader

Ein morgon eg køyrde heimafrå om morgonen med bilen, såg eg ei eldre dame som eg kjende, som gjekk langs vegen rett utafor prestegarden. Då eg ein time seinare kom til Høyanger, 50 km unna, så møtte eg same kvinna på gata der inne. Forundra utbraut eg: "Er du her også? Eg såg deg jo i Lavik for litt sidan?" Mistydinga vart snart oppklara. Det dreidde seg om to ulike kvinner som var svært like. Ingen av oss kan vere fleire stader på ein gong.

Slik var det også med Jesus då han levde i Israel. Han var ikkje fleire stader på ein gong. Då han var i Jerusalem, var han ikkje samstundes i Nasaret. Dette vart forandra på Kristi himmelfartsdag. Då gjekk Jesus inn i himmelen, og himmelen er alle stader. Då Jesus for til himmelen, betydde det at han kunne vere til stades alle stader på ein gong. Difor seier ikkje Jesus når han vert teken opp til himmelen: "No får de greie dykk sjølve, for eg går bort". Nei, han seier akkurat det motsette. "Sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står"(Matt 28,20)

2. Menneske skal omvende seg over alt

Ein gong om dagen tek eg meg ein joggetur opp lia eller langs stigar nede i bygda. Kva gjer eg når eg tykkjer eg har sprunge langt nok? Da snur eg sjølvsagt om og spring heim att. Eigentleg er det viktig å vite når eg skal snu og springe heim att. Dersom eg ikkje hadde vit til å snu og springe heim att, ville det vere livsfarleg å trene. Kvar dag må eg gjere det når eg er på ferde utafor heimen. Snu og gå heim att - dette er omvending. Snu og kome heim att til Jesus Og det er noko som den kristne bør gjere dagleg. Akkurat som eg snur og spring heim att når eg er ute på joggetur. Gjennom ein dag flakkar tankane våre vide omkring. Vi har mange arbeidsoppgåver, vi legg mange planar og vi har mange bekymringar. Og slik må det vere for menneske som lever i denne verda. Tankane har kanskje streifa rundt jorda mange gonger gjennom ein dag. Men kvar dag bør dei vende attende til sitt opphav. Til den treeinige Gud. Kvar vi så enn på jorda, går det an å setje av ei stille stund og seie: No vil eg vende meg om. No vil eg snu tankane mine mot deg, Jesus. No vil eg samle kraft. No vil eg vere i lag med deg. Etter at Jesus for til himmels, skal omvending forkynnast for alle folkeslag (v.47). For menneske skal frå no av kunne omvende seg over alt.

3. Syndsforlating skal forkynnast over alt

Eg kjenner ei jente som har sukkersyke. Ho må ta ei sprøyte i låret kvar dag. Det er slik at kroppen lagar ikkje eit stoff som ho må ha for å vere skikkeleg frisk. Det er noko som har gått galt inne i henne slik at ho må få det rette stoffet gjennom sprøyter.

Kva er syndsforlating for noko? Ja, dei fleste folk trur dei veit det. Dersom ein loge eller stole, så kan ein kome og be om tilgjeving og så få syndsforlating. Syndsforlating - det er noko som vi treng av og til, når det har gått retteleg gale for oss. Men dette er berre litt av sanninga.

Heile sanninga er at syndsforlating er noko vi alle treng støtt. Inne i alle menneske er det noko som har gått gale, slik at menneske ikkje kan produsere den fullkomne kjærleik til Gud og menneske som gjer at vi kan kome inn i himmelen. Dette kan berre Jesus g je oss når tankane våre er hjå han. Liksom jenta treng sprøyter kvar dag for å vere skikkeleg frisk og leve som andre born, treng vi syndsforlating kvar dag for å leve som kristne. Og etter den første Kristi Himmelfartsdag så kan alle mennesker få syndsforlating kvar einaste dag, for Jesus er til stades alle stader.

No skal syndsforlating forkynnast for alle folkeslag, sa han då han gjekk inn i himmelen (v.47)

Jesus si avskil førte til at Jesus var over alt, at omvending kunne skje over alt, at syndsforlating kunne gjevast over alt - ja, at menneske kunne nå himmelen over alt. Ikkje rart at det vart avskilsglede.

Geir Sørebø