3. søndag i advent

Luk 3,1-6

GUDS VEGVAKTAR

Far min var vegvaktar. Kommunen sin vegvaktar på ein gammal, smal grusveg. Og stadig vekk var det komne ned steinar frå fjellsida som måtte flyttast, det var holer som måtte fyllast grus i, og det var haugar som måtte jamnast. Og av og til var det ein krapp sving som ein prøvde å rette ut. Vegen måtte gjerast betre for stadig større køyrety. Arbeidet var akkurat slik det står i teksten for denne søndagen: "Kvart fjell, kvar haug skal jamnast. Dei krokete vegane skal rettast ut, dei ujamne stigane skal verta slette". Og så er det i teksten altså ikkje snakk om kommunen sin vegvaktar, men Guds vegvaktar Og kven er det som er Guds vegvaktar? Her kan det dreie seg om ulike personar på tre ulike nivå:

1. Johannes døyparen

Stamvegen på Vestlandet passerer Lavik der eg bur. Nokre kilometer forbi Lavik i retning Førde er det eit svært rasfarleg område. Stadig vekk ligg det steinblokker i vegbana. Det er eit folkekrav at det må kome tunnel forbi staden. Dette vil koste over 100 millionar. Når ei slik stor sak skal takast stilling til, så må vegsjefen i fylket på bana. Og kontoret hans arbeider visst nok med saka. Den store vegsjefen for alle kristne er Johannes døyparen. Det er han som har teke den store saka å rydde veg for Jesus i verda. Det er han som har vist oss førebiletet. Det er han som har gjort det tydeleg at ryddearbeidet består i at vi erkjenner våre synder, angrar dei, omvender oss og søkjer tilgjeving. Johannes måtte bruke forkynninga sin kraftige dynamitt for dei tyngste hinder skulle kunne sprengjast vekk. Jesus sjølv stadfesta det: Johannes var Guds vegvaktar.

2. Kyrkjelyden sin hyrding

No i desember har det einskilde dagar vore nesten uframkommeleg på vegane. Vi såg eit innslag på Vestlandsrevyen der ordføraren i ein kommune vart intervjua. Mange av kommunen sine innbyggjarar hadde ikkje kome seg på arbeid måndag morgon, for ein del av vegnettet i kommunen var ikkje brøyta. Dei lokale vegvaktarane hadde svikta, og ordføraren gjorde greie for tronge budsjett. I det daglege liv må vi ha vegvaktarar som fungerer i lokalsamfunnet. Slik er det også med den lokale kyrkjelyden. Den lokale kyrkjelyden er avhengig av å ha ein hyrding, ein prest, ein forstandar, som held vegane til Gud opne. Guds nådemiddel må nå fram til menneske. Guds ord må verte forkynt slik at folk høyrer det og forstår det. Folk få rettleiing og oppmuntring. Dei må kunne finne ein sjelesørgjar. Dei må få oppleve Guds kjærleik i kyrkjelyden. Jesus må verte teikna. Den Heilage Ande må få vere verksam. Den lokale hyrding er kalla til å vere Guds vegvaktar.

3. Far og mor i familien

Ein dag i fjor vinter vart det krise ein søndagsmorgon, for eg kunne ikkje få bilen ut på vegen. Det hadde kome mykje snø om natta. Det var godt brøyta på vegen. Det var ingen ras. Men eg hadde ikkje tenkt på at eg sjølv måtte rydde framfor garasjen og så eit lite stykke ut på hovudvegen. Og eg som skulle nå ei gudsteneste. Eit viktig oppdrag kan verte øydelagt fordi eg ikkje tenkjer på at til sist må eg vere vegvaktar for meg sjølv og min familie.

Eit barn vert døypt. Det veks opp og lærer å gå. I byrjinga skal det ikkje stigane vere mykje ujamne før det snublar og fell. Eit barn tek mot alle inntrykk med ope sinn. Foreldre skal syte for at vegen frå Jesus til barnet er rydda. Adventstid og juletid bringar med seg mange inntrykk. Familien har mange dagar fri. Ryddar vi vekk alt som stengjer for Jesus? Høyr! I dag er det ei røyst som ropar på Internett. "Rydd veg for Herren, gjer stigane hans rette!"

Far min var kommunal vegvaktar. Han sette si ære i at vegen alltid skulle vere open. Alle vi som er sette til å vere Guds vegvaktarar - vi må setje vår ære i at vegen til Gud alltid skal vere open. For det dreiar seg om dette som teksten for denne søndagen endar med: "Og alle menneske skal sjå Guds frelse".

Geir Sørebø