1. søndag i advent

Luk 4,16-22a

SLEPP FANGANE FRI - DET ER ADVENT!

Ein mann som er valt til partileiar eller tilsett som sjef for ei stor verksemd må ha ei programerklæring. Det er det første journalistane spør om. Dette synest ikkje å vere noko nytt. Evangelisten Lukas gjorde jo også eit dyktig journalistisk arbeid. Og han var på jakt etter Jesus si programerklæring. Og han fann denne i det som hende då Jesus ved byrjinga av si gjerning steig fram i Nasaret og las frå profeten Jesaja.

Når dette er teksten vår på første søndag i advent på terskelen til eit nytt tusenår, så vert dette også i vår situasjon ei programerklæring. Ei programerklæring med tre hovudpunkt. Vi skal gjere det same som Jesus. Vi skal i møte med eit nytt tusenår gjere følgjande:

1. Rope ut at fangar skal få fridom

Ein kollega av meg har einskilde tenester på eit fengsel som ligg innafor kyrkjelyden. Det var første søndag i advent, og presten skulle halde andakt for dei innsette. Utan å tenkje så nøye over situasjonen, las han teksten for dagen der det stod at Jesus var komen for å rope ut at fangar skulle få fridom. Det vart tendensar til latter i rommet. Men det er mange slags fangenskap i denne verda. Ein som er mørkredd, han er fanga på den måten at han ikkje torer gå ut etter at det er mørkt. Ein som er forferdeleg sur, han er fanga på den måten at han ikkje klarer å vere blid. Ein som har førti i feber, er fanga på den måten at han ikkje klarer å kome ut av senga. Ein som hatar, kan ikkje elske. Ein som er bitter, kan ikkje tilgje. Jesus sitt program er verkeleg ein total frigjeringsteologi, som kan setje menneske fri frå alle vondskapens fengsel. Ja, som også har potensial i seg til å skape ledig celler på Botsfengselet. Vi er kalla til å fornye Jesus sitt rop om fridom for alle verda sine fangar inn i eit nytt tusenår.

2. Rope ut at blinde skal få sjå

For nokre år sidan kom dronning Sonja (den gong prinsesse) med ryggsekk og fjellstøvlar ned frå fjellet i ei av bygdene våre her i Sogn. Ho var saman med nokre andre fjellturistar. Det var mange som såg henne då ho kom vandrande gjennom bygda for å ta rutebåten frå kaien. Men det var ingen som såg at det var prinsessa. Folk var på blinde på det området.

Det var mange som såg Jesus den gong han levde, og som likevel ikkje såg kven han. Dei var liksom blinde. Men nokre fekk syn for at Jesus var komen frå Gud for opne vegen til himmelen.

Det var mange som hadde eit skarpt blikk, men som likevel ikkje greidde å sjå at dei trong Jesus si hjelp for å kome til himmelen. Dei var heilt blinde på dette området. Og dei var fanga av sin eigen blindskap. Vi er no kalla til halde det gamle ropet om nytt syn for blinde levande.

3. Forkynne gledebodskap for fattige

Det hender at ein av borna mine som går på skule, ringjer heim og fortel at dei ikkje har fleire pengar. Då kan det vere at eg kan fortelje at eg no medan du har snakka så har eg på PCen min overført via nettbank det du treng til kontoen din. Dette er jo gledesbodskap for fattige. Og likevel ikkje i nærleiken av det Jesus sikta til. Elvis var så rik at kunne bruke sitt eige jetfly for å reise til ein annan by og kjøpe seg nett den hamburgaren som han lika så godt til kvelds. Likevel orka han ikkje leve meir. Han var forferdeleg rik, og likevel lut fattig. Det postmoderne menneske søkjer opplevingar i augneblinken, men veit ikkje kva nærleik og kjærleik er. Vi lever i tid med mange fattige rikingar. Og så er vi kalla til å forkynne gledesbodskap til fattige. Forkynne at no i denne augneblinken når du høyrer Ordet, så vert det overført til deg alt du treng for livet og æva.

Jesus las opp ord som var mange hundre år gamle. Alle i synagoga kjende sikkert desse orda godt frå før. Likevel skjedde det noko heilt nytt i det Jesus knytte orda til seg sjølv og adresserte orda til dei som var samla. I den augneblinken vart orda verksame og utretta det dei kunngjorde.

Dette skal hende om att i våre kyrkjelydar. Når orda vert knytte til den komande Jesus og adresserte til kyrkjelyden, så vert menneske fri, sjåande og rike.

Slepp fangane fri - det er advent!

Geir Sørebø