IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

1. søndag i Advent

Luk 4:16-22a

I PREIKA

Godt nytt år!

Denne søndagen går kyrkja inn i eit nytt år. Det gamle er lagt bak oss, nå ventar me spent på kva det nye året vil bringe. Eit nytt NÅDEÅR går me inn i, med fryd og forventning. I denne ventetida før jul er det mykje å glede seg over og glede seg til for dei aller fleste. Men Jesus tenker ikkje på pakker og julestemning. Han les ein bodskap som langt overgår det me tørr å drøyme om, og som fort blir borte i alt julestresset. Ein GLEDESBODSKAP for fattige, FRIDOM for fangar, SYN for dei blinde, UTLØYSING for dei trælka! Kort sagt: eit NÅDEÅR!

Kva med å bruke nokre plakatberande barn for å synleggjere? Me treng minst 6 barn, bruk dei fem orda som er utheva ovanfor, i tillegg ein plakat med "er lik" =. Engasjer gjerne barn eller tenåringar på førehand til å skrive orda og finn gjerne i fellesskap eit symbol/teikning som kan vere til hjelp for dei som ikkje kan lese. Les teksten. Ta fram eitt og eitt barn og forklar kort kva kvart ord tyder i teksten. Bruk rekkefølgja i teksten (v.18-19), slik at det siste ordet vert nådeår. Dette ordet kan ein bruke litt ekstra tid på, sidan det er eit nøkkelord i teksta. Still barna opp på rekke, slik at ein kan lese: gledesbodskap, fridom, syn, utløysing, nådeår. Få fram barnet med =, og plasser det før siste ordet, slik: gledesbodskap, fridom, syn, utløysing = nådeår.

Så sette Jesus seg ned og sa: I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på!

Da Jesus kom til oss var det for å spreie denne bodskapen. Der han kom synte han omsorg for dei fattige, gjorde menneske friske og sette folk fri frå synda sine band. Heile livet hans ropa ut eit nådeår, i han kom Gud oss heilt nær og gav oss håp for framtida. For sjølv om den framleis er mange som har det vanskeleg i verda også i dag, har me eit håp for framtida der alt skal verte annleis. I framtidslandet Guds rike!

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 23: Mens frost og vintermørke rår

LITURGI

Tenning av adventsljos: Kva med å utfordre ei gruppe med barn til å vere med og tenne ljosa i adventsstaken kvar gong det er gudsteneste i adventstida? La det vere deira særskilde oppgåve i tida fram til jul. Her i Bjørgvin har me barneår og eiga barneårsbøn som vert bruka ved kvar gudsteneste (som regel til å byrje med) i kyrkjelydar med få barn er det vanskeleg å finne barn til å vere med å lese kvar gong, men me prøvar fordi bøna får ei heilt eiga klang når ho vert lesen av dei bøna handlar om! (barneårsbøna kan du finne på sida til Bjørgvin bispedøme: www.kirken.no/bjorgvin)

Guds signing!

Anne Berit Sunde J