3. søndag i faste

Luk 4,31-37

MENNESKET MELLOM MAKTENE

Det er ein kar som eg kjenner som plar seie at den største ressurs og makt i tilværet er den menneskelege tanke. Når ein ser på alt som har vorte utretta av folk i verda, så er opphavet til sist den menneskelege tanke, seier han.

Hendinga i synagoga i Kapernaum gjev oss eit anna bilete av mennesket. Vi får høyre om ein mann som er sett inn i dragkampen mellom to krefter som begge er langt sterkare enn han. På den eine sida den vonde krafta som vil fylle han og øydeleggje han. På hi sida den gode krafta som vil frigjere han og bevare han som eit friskt menneske. Vi ser altså i denne teksten tre ting:

1. Makta som vil binde mennesket.

Eg ser for meg ein ung mann. Han hadde kone, born, nytt hus, bra arbeid. Men han hadde eit problem. Han greidde ikkje å styre drikkinga si. I det skjulte drakk han meir og meir. Han fekk etter kvart for lite pengar. Etter ei tid reiste kona og borna frå han. Han måtte selje huset. Og han miste jobben. Alt gjekk over styr. Alkoholen hadde vorte ei vond makt som hadde teke heilt styringa over livet hans. Han hadde berre ein tanke i hovudet: "Korleis skal eg i dag skaffe meg nok pils?". Den vonde makta - kva er det anna enn alt som gjer mennesket til ein slave. Og det kan vere så mangt i ulike kulturar til ulike tider. I Kapernaum sa dei det var ei urein ånd som tok kontroll over mannen sin tale og som kasta han til jorda. I dag kan det vere på mange andre måtar at mennesket vert kua. Men like fullt er det hjelpelaust bunde av ei vond kraft som vil øydeleggje.

Men teksten viser oss enno tydelegare:

2. Makta som vil frigjere mennesket

Ei amerikansk prestekone opplevde i juli 1994 at det brått stod ein innbrotstjuv i huset hennar og trua henne med ein pistol. Mannen sleit laus telefonen frå veggen og tvinga henne inn på badet. Der fall kvinna på kne og byrja å be til Gud om hjelp. Ransmannen stussa og vart enno meir overraska då kvinna spurde om ho skulle be for han også. Og ho tala til han om at Jesus elska også han. Det enda med at mannen tok til å gråte og fall på kne også han. Ransforsøket vart avslutta og både prestekona og ransmannen vart frie menneske (les heile historia her) Folk undra seg storleg over Jesus i Kapernaum, og dei sa: "Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine ånden, og dei fer ut". Som forkynnarar, sjelesørgjarar og medkristne skulle vi framleis vere oss bevisst at den makta som kan frigjere menneske også i dag vil kunne vere verksam mellom oss. Spørsmålet er om vi i Jesu namn vil møte den vonde makt med det mynde som han har gjeve oss. Det naudsynt meir enn nokon gong, for teksten viser oss:

3. Mennesket mellom maktene

I spenningsfeltet mellom dei to maktene, djevelen og Gud, lever vi alle like visst som vi lever i magnetfeltet mellom sørpolen og nordpolen. Eg høyrde i radioen ein mann fortelje om korleis han heile livet fram til han var 46 år hadde levd som ein motstandar av kristendommen. Heilt til han hadde vorte beden om å lese juleevangeliet på ei tilstelling i kyrkja. Han fortalde om korleis han hadde trena på det i to månader. Og korleis dette hadde ført til at han gjekk på fleire gudstenester for å høyre. Og vidare fortalde han om korleis han ein søndag hadde vorte gripen av eit bibelord på ein slik måte at han berre måtte bryte med alt som batt han og gå fram og ta del i nattverden. Jesus hadde gjort han fri. Det hende på ein mindre dramatisk måte enn i Kapernaum. Men var ikkje djupast sett nett det same som hende - og som skal hende om att og om att når evangeliet vert forkynt og truande kristne samlast til bøn i Jesu namn?

Gud vere lova for at den sterkaste makt i tilværet verken er djevelen eller vår tanke, men den gode makta formidla til oss ved den krossfeste og oppstadne Herren Jesus Kristus!

Geir Sørebø