6. søndag etter pinse

Luk 5,1-11

GRUNNKURS FOR MENNESKEFISKARAR

Eg hugsar enno som ungdom at eg deltok i ei andaktsstund der det var ein som starta si fri bøn slik: "Herre, du ser at eg vert visst aldri noko anna enn ein stangfiskar for ditt rike". Sjølv har eg fått mykje fisk på stang. Torsk og sei og lyr. Hadde eg vore ein like god stangfiskar for Guds rike, så hadde det vore stort. Læresveinane til Jesus fiska med not. Dei heldt fram med det også som menneskefiskarar. Vi høyrer i Apostelgjerningane at store mengder med menneske omvende seg i same stund. Dei hadde fått eit godt grunnkurs av Jesus. Vi ser tre leksjonar i Jesus sitt grunnkurs i teksten for apostelsøndagen:

1. Jesu ord si makt.

Som liten gut var eg ofte med bestefar når han fiska sjøaure i Storelva om sommaren. Ein gong hadde eg laga meg ei lita fiskestong sjølv av ei grein frå ein rogn. Eg og ville prøve å fiske, men det var ikkje lett å få det til for ein åtteåring i den strie elva. Men eg hugsar korleis bestefar viste meg ein fin kulp bak ein stor stein. "Slepp kroken med makk ned der du", forklara han. Stor var jubelen då det brått sat ein svær aure på kroken. I forfjamselsen knakk fiskestanga, og berre stor flaks gjorde at eg fekk ruggen på to kilo inn på torva. Det første storfangsten for ein liten gut som fylgde bestefar sine ord. På Genesaretsjøen hende noko enno meir forunderleg. Ein eventyrleg og uforklarleg fiskefangst for nokre oppgitte og trøytte fiskarar som følgde Meistaren sine ord. Eg skulle tru at Peter hugsa denne hendinga når han seinare forkynte evangeliet for tusenvis av tilhøyrarar. Simon Peter vart overraska og redd då nota i Genesaretsjøen vart uventa stappfull av fisk. Kanskje vart han ikkje så overraska då 3000 menneske vende om i Jerusalem. For då visste han om Jesu ord si makt.

2. Jesus sitt kall.

Det vert fortalt at etter krigen så dreiv dei ein stad opprydningsarbeid i ei kyrkje som hadde vorte skada av eit bombetokt. Midt i alt kaoset var det ein som fann ein Kristus-figur. Skulpturen var skada og mangla hender. Arbeidarane vart ståande og sjå på figuren, og så er det ein som seier: Eigentleg er det vi som skal vere Kristus sine hender. Det er jo dette som er spørsmålet i dag: "Manglar Kristus hender?" "Ver ikkje redd! Heretter skal du fange menneske!" sa Jesus til Peter. Det var eit kall til han. Eit spørsmål om han ville vere Jesus sine hender. Jesus sin munn. Dette var starten på det som heldt fram då Jesus seinare ein gong sa: "Du er Peter, og på dette berget vil eg byggje mi kyrkje" (Matt 16,18). "Gud hadde bedre planar for mitt liv", slik heitte det i ei overskrift i Vårt Land. Ein ungdom vitna om at han hadde fått sjå at utdanning og yrkesval ikkje berre skal bestemast av pengar og motar, men av den gode plan som Gud har med den einskilde. For ein menneskefiskar er det avgjerande å vite at han har Guds kall i ryggen og at bak står Guds store plan om å samle alle menneske i si not (Matt 13,47).

3. Fiskarane si etterfølging

Då eg tok til å studere teologi, fekk eg hybel hjå eit ektepar i Oslo. Dei hadde ikkje born, men dei brukte ein stor del av fritida si til å drive kristent barnearbeid i kyrkjelyden. Kvar einaste søndag stod dei tidleg opp og reiste på søndagsskulen. Dei reiste på leirar. Dei hadde klubb heime hjå seg. År etter år. Og etter det eg har høyrt, driv dei på enno. 30 år seinare. Dei hadde som Peter fått auga på noko stort. Noko som var meir vesentleg enn fritid i seglbåt på sjøen. Peter og dei andre gjekk i frå alt og følgde Jesus. Vi veit at dette vart byrjinga på ei teneste som for dei fleste læresveinane varde livet ut. "Kristus leid for dykk og gav dykk eit føredøme, så de skulle følgja i hans fotefar", heiter det i Peters første brev (1,21).

Det var ein kristen mann som ikkje var heilt nøgd med at han berre var ein stangfiskar for Guds rike. Han ville gjerne ha fiska med not. Men anten vi fiskar med stang eller not, så er det nokre grunnprinsipp som må følgjast: Vi må stole på krafta i Jesu ord. Vi må kunne arbeide med den fullmakt som vi har i Jesus sitt kall. Og vi må vere viljuge til å følgje Jesus dit han kallar oss.

Geir Sørebø