IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

6. søndag etter Pinse / Apostelsøndag

Luk 5:1-11

I PREIKA

Lag ein passe stor fisk i papp, pynt gjerne med farga silkepapir el.l.

Hald oppe fisken og fortel ei fantastisk fiskehistorie – Peters fiskehistorie! Om den gongen det var SÅÅÅÅÅÅÅÅ mykje fisk att det var nære på at garnet rauk! Det som førte til at fiskaren Peter forlot garn og båt og vart menneskefiskar. Kva er det ein menneskefiskar gjer?? Så kan ein eventuelt fortelje om fisken som kristent symbol.

TO SALMAR

Barnesalmeboka nr.170

Har du hørt om Abraham

Salmar 1997 nr.109

Der det nye livet lever

LITURGI

Kunngjering

Fortel om kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt eller om misjonærar frå området/ som ein kjenner til. Kanskje ein misjonær kan kome og fortelje korleis det er å vera menneskefiskar i 2003??

God sommar!!

Anne Berit J