1. mai

Luk 6,36-38

Ver miskunnsame og gjev arbeid til alle

Ein ung prest sa til meg at ho var vonbroten over at 1. mai komiteen ikkje var interessert i samarbeid med kyrkja om 1. mai-gudstenesta. Det var ikkje så lett å forstå kva som var grunnen til denne mangel på interesse. Kanskje har det noko med parolane å gjere. Arbeidarrørsla har sine parolar. Kyrkja har sine parolar. Samsvarer så desse. Hovudparolen for 1. mai 2003 er "Arbeid til alle" og hovudoppslaget i evangelieteksten for 1. mai er "Ver miskunnsame". Er det så slik at vi kan seie på 1. mai frå preikestolen: Når vi syter for at alle får arbeid, då er vi miskunnsame i praksis? Dette er to sider ved same sak. Lat oss gå vidare og sjå nokre underparolar frå 1. mai og frå evangelieteksten for dagen opp mot kvarandre. For 1. mai sitt vedkommande er dei henta frå heimesida til LO på Notodden 2003:

  1. Støtt verneplanen - vern Sjåvatn / Døm ikkje, så skal de ikkje verta dømde
  2. Er her ein samanheng? Eit oppslag i avisa Telen viser at ordførarane i Tinn, Notodden og Hjartdal går saman mot Verneplanen og for utbygging av Sjåvatn. Og dei argumenterer så langt eg kan sjå sakleg ut frå store økonomiske interesser. Men det er altså ulike syn på Sjåvatn si framtid. Ofte vert det høg temperatur rundt planlegging av vassdragsutbygging. Det er mange døme på både verbale og fysiske samanstøyt. Ofte minkar rommet for sakleg meiningsutveksling og argumenta skrumpar inn til slagord. I slike situasjonar vert Jesu oppfordring "Døm ikkje" både aktuell og krevjande.

  3. Nei til rasering av kommunene / Ettergjev, så skal de få ettergjeving
  4. Er her ein samanheng? At kommuneøkonomien vert opplevd pressa, er eit faktum. Eg bur sjølv i ein kommune der graset ikkje kjem til å verte klipt på kyrkjegardane i sommar. Dette problemet har samanheng med kommuneøkonomien. Eit elementært økonomisk resonnement seier at anten må kommunene sine inntekter auke eller så må utgiftene minke. Auke av inntekter vil seie at andre område i samfunnet får mindre. Mindre utgifter vil seie at vi må stille mindre krav til kommunen og sjølve ta på oss meir av ulike tenester ulønna, for eksempel å klippe graset på kyrkjegardane. Ettergje, kva vil det seie i praksis: Det vil vel seie å sjå bort frå i og for seg rettmessige krav som vi har ovafor andre, for eksempel kommunen og ta saka på oss sjølve.

  5. Stopp USA'S "Krigføring for fred" / Gjev, så skal de få

Er her ein samanheng? "Krigføring for fred" er jo ei formulering med ein viss ironisk undertone. Med hermeteikn rundt orda vert det meir enn antyda at når ein talar om frigjering og fred, så oppnår ein liding og hat. Og eg minnest sjølv ein hardt skada irakisk gut som var intervjua på TV og som sa noko slikt som: "Er det slik de vil frigjere oss - ved å drepe oss?". 1. mai-innsamlinga i år (2003) går til Norsk Folkehjelp sitt arbeid for å byggje opp att samfunnet i Nord-Irak. "Gjev, så skal de få" er jo ein parole som formidlar tru på ein anna strategi enn krigføring.

Er det så samsvar mellom parolane. 1. mai sine parolar og Bibel-teksten sine parolar. Eller vert parallelliteten kunstig? Har 1.mai komiteen nokon grunn til å samarbeide med kyrkja.

Eg trur det. For djupast sett dreiar det seg om å kunne realisere den store bibelske hovudparolen i dagens samfunn: Ver miskunnsame! 1. mai komiteen kunne hjelpe kyrkja til å verte aktuell og konkret og kyrkja kunne hjelpe 1. mai komiteen til å sjå at her dreiar det seg om meir enn klasseinteresser, det dreiar seg om sjølve menneskeverdet. Ja, det dreiar seg om noko så stort som å prøve å avspegle Guds vesen. Han som er både kjærleg og rettferdig, eller for å kome nærare teksten sine ord: Ein miskunnsam Far som har arbeid til alle.

Geir Sørebø