17. søndag etter pinse

Luk 7,11-17

DEI TO TOGA

I teksten i dag møter vi to folketog. Det er to folketog som går i motsett retning. Det er dødsens tog som går ut av byen. Det er livsens tog som er på veg inn til byen. Det som gjer denne bibelteksten så spanande, er møtet mellom dei to toga som går i motsett retning. Lat oss sjå på desse to toga og møtet mellom dei:

1. Dødsens tog

Eg hadde for litt sidan ei gravferd. Den avdøde hadde ein som stod han nær i eit land i Asia og som ikkje kunne vere til stades i gravferda. Eg lova å få laga ein biletserie frå gravferda som eg kunne få sendt. Serien vart omtrent slik: Første bilete: Oversiktsbilete over ei full kyrkje med kista i midtgangen. Andre bilete: Seks menn som ber kista ut av kyrkja med mange menneske bak. Tredje bilete: Menneske i ring rundt grava medan kista vert senka i jorda. Fjerde bilete: Menneske på veg ut porten frå kyrkjegarden. Vi ser grava i bakgrunnen. Femte bilete: Ein jordhaug med ein kross på. Ingen menneske på kyrkjegarden. Dødsens tog har ført eit menneske bort frå fellesskapet med andre og inn i den absolutte einsemd. Dødsens tog var på veg ut av Nain med ein død mann på ei båre i spissen. Dødsens tog går stadig gjennom verda. Vi skimtar det alle stader der medmenneskelege relasjonar vert brotne og øydelagde. Der fiendskap oppstår. Der menneske vert isolerte. Der livet vert øydelagt. Der døden set punktum.

2. Livsens tog

For nokre dagar sidan var eg på vitjing hos eit brudepar som eg vigsla i sommar. Det første dei viste meg var albumet med bilete frå bryllaupet. Først bilete av brura som ventar utafor kyrkja med sin far. Alle andre folk var inne i kyrkja. Så marsjen inn i kyrkja. Brur og brudgom som kneler på altarringen. Så brur og brudgom på veg ut med over hundre menneske i følgje. Så sluttar albumet med masse bilete frå den store festen med brudeparet i sentrum. Livsens tog. Ei rørsle frå det å vere åleine og inn til det store, gode fellesskapet mellom menneske. Livsens tog var på veg inn i Nain med Jesus i front. Ein flokk menneske følgde han. Dei skulle knyte til seg fleire menneske i byen og byggje eit nytt fellesskap. Livsens tog går stadig gjennom verda. Vi ser eit dåpfølgje, ein konfirmantflokk, eit brudepar på ein festdag. Vi opplever at venskap vert knytte. At fellesskap og relasjonar vert bygde. At livet veks saman med vona eit evig liv.

3. Livsens tog møter dødsens tog

Vi var på veg ut av kyrkja i ei gravferd. Eg gjekk som vanleg framføre kista. Det var eit kristent menneske som var død. I familien var ein gut i 3-4 års alderen. Han ville gå i lag med presten framfor kista. Då vi nærma oss grava snudde han seg og såg den store folkemengda som kom etter oss. Og så sette han i å rope av full hals: "Hurra! Hurra! Hurra!" Eg vart skikkeleg forskrekka, men forstod snart at i hans fantasi var den lange rekkja med menneske omgjort til eit 17-mai tog. I Nain vart også dødsens tog brått omgjort til eit livsens tog. Jesus grip inn. På Jesu ord byrjar den døde å tale. Brått er han teken ut av dødens isolasjon og ført inn i fellesskap med andre menneske igjen. Jesus gav han attende til mora. Dei familiebanda som var rivne over, vert atter knytte. Og menneske lovar Gud i fellesskap.

Stadig vert vi på ulike måtar deltakarar i dødsens tog. Vi står inne i konfliktar, brotne familierelasjonar, mobbesituasjonar, vonløyse, sjukdom, sorg osv. Vågar vi å leie dødsens tog i den retning at vi møter det livsens tog som har Jesus som frontfigur? Vågar vi å tru at Jesus stadig er på veg inn porten til byen der menneska bur? Vågar vi å tru at i ein håplaus situasjon der alle relasjonar mellom menneske er brotne, der kan Jesus på underfull vis gripe inn og gje menneske attende til kvarandre? Teksten frå Nain skal gje oss tru på at Jesus stadig kan møte dødsens tog på ein slik måte at vi får grunn til å rope både Hurra! og Halleluja!

Geir Sørebø