2. søndag i faste

Luk 7,36-50

KVINNEDAG I SIMONS HUS

Andre søndag i faste kjem ofte i nærleiken av kvinnedagen 8. mars. Då er det utfordrande å stanse ved ein bibeltekst som set ei kvinne i sentrum. Denne kvinna sitt almene omdøme var ikkje særleg å skryte av: "No var det ei kvinne der i byen som levde eit syndefullt liv". Men Jesus sitt omdøme av denne kvinna var annleis. Radikalt annleis. Han held henne merkeleg nok fram som eit føredøme. Kva er det Jesus ser hjå denne kvinna? Eg vil stanse ved tre ting:

1. Jesus ser ei kvinne som viser kjensler

Ho gret. Ho væter Jesus sine føter med tårene sine. Ho kysser han og salvar han. Mannen i teksten, farisearen Simon, møter Jesus på ein heilt annan måte. Nøkternt, tenkjande.

Er ikkje dette eit mønster som vi kjenner att? Ofte var det ei kvinne i huset som viste tårer, og som i andre situasjonar viste glede, som kunne tale om ting som mennene ikkje greidde å uttrykkje.

For ein del år sidan kom det ut ei bok som ein norsk forfattar skreiv om sine eigne erfaringar frå ein psykiatrisk institusjon. Han hadde sjølv i ein periode i sitt liv vorte innlagt som pasient der. Han hadde i det heile ikkje fått nokon god kontakt med dei mannlege lækjarane, men det var eitt menneske på sjukehuset som hadde gjeve han god hjelp og det var ei vaskehjelp som kom der kvar kveld for å vaske golva. Han hadde snakka mykje med henne. Han opplevde at ho forstod han og at ho kunne ta del i hans tunge kjensler. Han opplevde at han fekk god kontakt med henne. Det var ho som gav han den beste terapi medan han var innlagd.

Kvinna i bibelteksteksten får ein annan kontakt med Jesus, enn verten, fariseraren Simon. For ho kjem som den ho er og viser ovafor Jesus korleis ho har det. Jesus ser ei kvinne som viser kjensler. Men meir enn det.

2. Jesus ser ei kvinne som viser kjærleik

Det var farisearen som hadde inviterte Jesus i selskap. Men han fekk høyre at han elska lite. Kvinna trengde seg inn i huset som ein ubeden gjest. Om henne vart det sagt: Ho syner så stor kjærleik.

Ein gong fekk eg vitjing av ein mann som ville setje opp eit testamente. Han ville ikkje at det han åtte skulle verte fordelt mellom alle slektningane som hadde arverett etter at han var død. Men det var eit par ungdommar som hadde betydd mykje for han. Dei ville han skulle få alle hans eigneluter. Han ville gje dei noko attende for alle gledene dei hadde gjeve han.

Kvinna vi høyrer om i teksten i dag opplevde at ho hadde fått mykje av Jesus. Difor ville ho gje det Jesus av det ho hadde. "Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik". Jesus held denne kvinna som førebilete også fordi:

3. Jesus ser ei kvinne som viser tru

Forteljinga enda jo slik: Jesus sa til kvinna: "Trua di har frelst deg. Gå med fred".

Det var ein stor risiko for ei ubeden kvinne å ta seg inn i eit mannfolkselskap og stelle til ein slik scene som det vi her høyrer om. Kaste seg ned for Jesus sine føter, kysse dei og salve dei. Risikoen for å skjemme seg heilt ut måtte vere betrakteleg. Men denne mannen, Jesus, var nett no så viktig for henne at ho måtte ta ein slik risiko. Denne risikoen kallar Jesus for tru.

Til alle tider har det vore menneske, især kvinner, som har teke ein slik risiko. Den risiko som er knytt til opent å vedkjenne seg Jesus som sin frelsar.

Det gjorde inntrykk på meg ein gong ein eldre mann i kyrkjelyden fortalde meg at ein nabo hadde sagt til han: "Du treng ikkje vere så ivrig å gå i kyrkja om søndagen, for du er slett ikkje noko betre menneske du enn oss andre". Trua sin risiko.

Vise kjensler - vise kjærleik - vise tru - alt dette går an for vanlege ufullkomne menneske.

Velsigna syndarinne som viser oss vegen til Jesus.

Geir Sørebø