IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag i faste

Luk 7:36-50

I PREIKA

Bruk tid til å gjenfortelje historia, teikn opp for dei bilde av korleis det såg ut i huset. Kven som var der. Kva ein farisear er. Korleis Jesus sat. Og særleg: kven var kvinna. Kva var det som gjorde at dei andre mislikte at ho tok i Jesus? Kva er det å leve eit syndefullt liv? Kva meinte Jesus med forteljinga si? Kvifor hadde kvinna kome?

"Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor er det ho syner så stor kjærleik." Korleis kan me syne takksemd til Jesus? Korleis kan me syne at me er glad i han?

EI SALME

Salmer 1997 nr. 91: Takk at du tok mine byrder

LITURGI

Syndsvedkjenninga ved inngangen kan alle få ein liten stein i handa. Etter nådehelsinga kan ein be folk om å ta turen kring altaret, (eller ved ein kross ein annan stad i kyrkjerommet) - og leggje frå seg steinen der, hos Jesus. Mange synast at det er tungt å byrje gudstenesta med å fokusere på kor syndige me er. Men dette er ein plass kor me kan sette frå oss og be om tilgjeving for smått og stort. Slik at me kan gå ut i gudstenesta med rak rygg. Også for barn kan det vere godt å legge frå seg det som gjekk på tverke. Jesus tilgjev når me ber han om det det er syndsvedkjenninga si signing.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J