Såmannsøndagen

Luk 8,4-15

KORN MED SPIREKRAFT

På ei familiegudsteneste på såmannsøndagen hadde eg ein gong med ein pose med lettkokte havregryn. Desse sådde eg på golvet under preikestolen. Dei skulle liggje der til neste gudsteneste. Så skulle vi sjå om dei hadde teke til å spire. Resultatet vart at kyrkjetenaren vart heller irritert. Han fekk meirarbeid med å reinse kyrkja for havregryn. Eg trur ikkje han forstod det pedagogiske poenget. For havregryna skulle vere med å gje ei betre forståing av Jesus si likning. For i denne likninga ser vi at:

1. Såmannen sår over alt

I fleire år sådde eg gulrotfrø om våren. I ein pose med gulrotfrø er det berre nokre få gram. Det var ikkje lett å få dei på plass i dei gulrotsengene eg hadde laga i åkeren. Det bles ofte litt i mai. Og eit lite vindkast kunne brått fare med halve posen og spreie dei ørsmå frøa over stokk og stein. Eg har mange gonger undra meg over den såmannen i Jesus si likning. Vi las at han sår bortetter vegen. Han sår oppå steinar. Han sår inne mellom klungerbusker. Og han sår der det er god jord. Er ikkje dette ein merkeleg såmann, han sår mange stader der kornet ikkje kan vekse. Han må ha ei mengd med såkorn. Og han må ha lyst til at det skal vekse over alt, for han sår over stokk og stein.

Det er ei litt underleg oppleving å ha ei gudsteneste over NRK. Du veit at orda lyder i bilar, på kjøkken, på soverom, på sjukeheimar, på hotell. Nokre menneske lyttar. Nokre høyrer litt. Nokre høyrer ingen ting. Nokre tru. Nokre synst orda er utan innhald. Men orda fell som frø over alt. Og slik ønskjer visst såmannen at det skal vere. For han har rikeleg med frø. Frø som han vil spreie med alle midlar. Over TV og radio, over sattelittar og Internett. Såmannen vil så rikeleg over alt. Slik er Gud.

2. Såmannen sitt korn spirer over alt

Då eg sådde gulrotfrø, var det ikkje til å unngå at eitt og anna frø kom på villspor. Ein gong fann eg til og med eit frø som hadde vorte liggjande oppe i bretten på arbeidsbuksa. Også det hadde teke til å spire og fått ei lita rot, fordi tøyet i buksa hadde halde seg litt fuktig.

Alt det som såmannen sådde, spirde. Det som fall på stein, det spirde. Det som fall mellom klunger, det spirde. Det som fall i god jord, det spirde.

Det er spanande å stå som forkynnar på ei konfirmasjonsgudsteneste med kyrkja stapp full av ulike menneske. Konfirmantar. Foreldre. Slektningar. Bygdefolk. Folk med ulik motivasjon for å kome i kyrkja. Då skal presten altså vite. Guds ord spirer i all slags jord. Slik er Guds ord.

3. Berre god jord ber skikkeleg grøde

Det var eitt år medan vi budde i Oslo at eg sette poteter i ein liten hageflekk vi disponerte. Eg sette ei bøtte med poteter. Og då eg tok opp att potetene om hausten, så fekk eg nøyaktig ei bøtte igjen. Det var så dårleg jord at det nytta ikkje å prøve meir. Potetene spirde. Det vart blad, men ingen avling.

Slik er det også med Guds ord. Det treng god jord. Ein mann eg veit om var på eitt møte der han høyrde ein fire-fem ord frå Bibelen som gjorde så sterkt inntrykk på han at han fekk ei god opplevde at Jesus var hans frelsar. Denne trua varde heile livet. Små frø hadde funne god jord og bore stor frukt. Eg veit om menneske som gjennom sitt yrke har høyrt hundrevis av kristne talar av mange forkynnarar, men som likevel ikkje har hatt personleg utbyte av det. Den gode jorda har mangla. Det er avgjerande for oss korleis vi tek imot Guds ord. Eit ope sinn og eit hjarta som er vendt mot Gud gjev rom for ein enorm vokster. Slik er den gode jord.

Det er skilnad på lettkokte havregryn og Guds gode såkorn. Havregryna spirer ingen stader. Guds ord spirer alle stader. Men for å gje grøde treng Guds såkorn den gode jord. Utan det gode hjarta som tek imot, vert til sist Guds såkorn like så avlingslaust som havregrynet. Men ein kvar bonde veit at det går an å kultivere fram god jord.

Geir Sørebø











Kor mykje ber det da. Da gav det hundre foll, står det i Bibelen. Kva betyr det? Det betyr at det voks og vart hundre gonger så mykje som det som vart sådd.

Slik er Guds ord. Vi kan oppdage mange fine og gode tankar, men let vi dei vekse i oss, fører dei til noko som er så godt og stort at det er hundre gonger meir enn det vi kunne tenke oss.