2. søndag i advent

Mark 1,14-15

GODT NYTT FOR FANGAR

"I dag har eg teke på meg ventefargen", var det ei lita jente som sa. Ho gjekk med ein fiolett genser. I adventstida har kyrkja teke på seg ventefargen. Presten går med fiolett stola og messehakel. Altarklede, preikestolklede og lesepultklede har vorte skifta om til fiolett farge. Nokre stader ser ein fiolette lys. Ventefargen skal vere eit teikn på at vi ventar. Men på kva? Bibelteksten for denne søndagen byrjar med at Johannes er kasta i fengsel. Kva ventar ein fanga mann på? Han ventar truleg på at einkvan skal kome med ei god melding. Ei melding som kan skape ein ny livssituasjon. Og bibelteksten inneheld nett ei slik melding. Og meldinga kan vi dele opp slik:

1. Fridomen er nær

Eg har ei erindring om at eg har sett eit bilete av ei fengselscelle med ein kalender på veggen. Og på kalenderen var dato for dato kryssa av, og berre nokre få dagar var att til den datoen som det var ein stor ring rundt. Og alle som såg det bilete måtte forstå at dette var fridomsdagen. "Tida er komen, og Guds rike er nær", dette var bodskapen som kom til den fengsla Johannes. Og dette er bodskapen til menneske som i dag er fengsla av synd, angst, bekymring, konfliktar, sjukdom, ja, alt det som kan binde og fengsle menneske på denne jorda. Gjennom tidene har mange menneske venta på Guds rike (Mark 15,43). For ein har hatt ei aning om at Guds rike fører med seg ein heilt ny livssituasjon fylt av rettferd, glede og fred (Rom 14,17). Er det ikkje dette alt byggjande samfunnsarbeid har som mål? Er det ikkje dette vi kvar for oss lengtar etter - rettferd, glede og fred? Adventsbodskapen kjem med eit svar: "Tida er komen, og Guds rike er nær".

2. Vend om til fridomen

For litt sida var eg eit par dagar i Stockholm. Eg plar alltid ta ein joggetur om morgonen før frukost. Det gjorde eg også frå hotellet i Stockholm. Men dette er ein by eg ikkje er kjent i. Etter ein halv times springing var det på å vende attende til hotellet. Etter ei stund tok eg til å verte usikker på retninga. Eg måtte stanse opp og prøve å finne eitt eller anna haldepunkt. Redninga vart eit par kyrkjetårn som eg hadde sett frå hotellvindauga. Kyrkjetårna viste meg at eg sprang i motsett retning av det eg skulle. Eg måtte leggje kursen 180 grader om for å kome attende til hotellet. For å finne Guds rike, må det naturlege mennesket leggje kursen 180 grader om. Guds rike er kome nær, men det hjelper ikkje dersom vi bevegar oss bort frå Guds rike. Adventstida er tida for kursjustering. Kanskje kan vi sjå eit kyrkjetårn ein plass. Eit tårn med kross som minner oss om Jesus. Å vende om vil alltid seie å bevege seg i retning av Jesus. Nokre gjer det radikalt for første gong. Men alle kristne har trong for ein dagleg oppjustering av kursen. Då kan ein ta fram Bibelen, tenkje over dagen i går og dagen i dag, og spørje: Går eg til Jesus? Går eg saman med Jesus? Har eg vendt meg til fridomen?

3. Lev i trua sin fridom

Ei gammal kvinne fortalde meg ved inngangen til denne adventstida om eit minne frå sin barndom. Ho voks opp i ei avsidesliggjande, veglaus bygd som om vinteren ofte vart avstengd frå omverda pga. snø. Ein ungdom på ein nabogard var alvorleg sjuk, og det vart umogeleg å kome til lækjar. Det vart etter nokre dagar klart at han kom til å døy. Gut som då var 18 år, hadde ei trygg tru på Jesus. Og kvinna eg snakka med fortalde korleis det hadde gjort eit uutsletteleg inntrykk på henne då ho og dei andre ungdomane hadde vore innom for å seie farvel. Og då var det den sjuke som ville trøyste dei. Han var ikkje redd for å døy. "Kvar den som lever og trur på meg, skal i all æva ikkje døy", sa Jesus (Joh 11,26). Trua sin fridom. Ein fridom som verken død eller noko slags jordisk fangenskap anten det er synd eller sjukdom eller noko anna, kan gjere om inkje. Difor munnar adventstida sin ventebodskap og rop om omvending ut i desse orda: "Tru på evangeliet!"

Og det er kanskje lettare no i adventstida, for no er tida komen, og evangeliet er nær.

Geir Sørebø