21. søndag etter pinse
Mark 10,13-16

Guds rike høyrer slike til

Kven er det som høyrer til i Guds rike? Når ein går rundt i kyrkjer i inn og utland og ser på kven som er avbilda og laga skulpturar av, så kan ein jo gjere seg tankar om korleis ein har tenkt omkring dette spørsmålet. Berre i Peterskyrkja i Roma er det eit heilt galleri av personar frå kyrkjehistoria. Teksten for denne søndagen er usedvanleg sentral i høve til våre tankar om korleis Guds tenkjer om kven som kan gå inn i Guds rike. Teksten seier oss:.

1. Jesus vi skal bringe borna til han

Eg ser enno for meg eit lite glimt frå Askim der vi budde i nokre år. Det var ein søndagsmorgon på hausten. Klokka var ca. 9.30. Ei bestemor fer gåande midt over ein åker med eitt barn i kvar hand. Ho tek snarvegen til søndagsskulen med dei to som ho er bestemor for.

Foreldra låg nok enno og sov. Dei pleidde som regel gjere det søndag føremiddagen. Og ungane kom ofte ikkje til søndagsskulen. Men når bestemor kom på besøk, då vart det ein anna fart på søndagsmorgonen

Teksten for denn søndagen, er verkeleg ei stor utfordring til oss som kyrkjelydar i Den norske kyrkja i dag. Framleis vert det store talet på born borne til dåpen, men vert dei førte til Jesus etter dåpen? Alle born i Bjørgvin bed kveldsbøn, var ei målsetjing i Barneåret. Men gjer dei det?. Legg heimane til rette for det? Er vi i kyrkjelyden inviterande og inkluderande i høve til familiar med små born?

Jesus seier heilt tindrande klårt: Lat småborna kome til meg og hindre dei ikkje. Jesus vil at vi skal bringe borna til han.

2. Borna har rett på Guds rike

For litt sidan las eg om ein mann som vaksen mann som ikkje hadde fått full skulegang då han ung. Han hadde ikkje lært å lese og skrive skikkeleg. No ville han leggje opp rettssak og kreve erstatning av styresmaktene. Dersom det hadde vore eit barn som i dag hadde vakse opp i eitt av lokalsamfunna våre og ikkje hadde fått tilbod om vaksine og helsekontroll, så ville det jo vorte reagert på.

Med full rett kunne ein ha hevda. Born har rettar. Lat oss tenke på kva som Jesus seier:

"Lat småborna kome til meg og hindre dei ikkje. For Guds rike høyrer slike til." Dei har rett på Guds rike. "Den som døpes som barn, har rett til dåpsopplæring", står det skrive i NOU 2000:26 om dåpsopplæring i Den norske kirke. Og utgreiinga argumenterer ut frå FN sin barne konvensjon.

3. Borna er førebilete for oss vaksne

Eg hadde ein onkel som var fiskar. Det måtte vere rundt 1960. Han hadde vore på sjøen i mange veker. Dei hadde ikkje fått noko i nota, og stemningen var laber då han ringde heim. Vesle dotter hans som høyrde på telfonsamtalen sette seg då ned på golvet, folda hendene og sa: Kjære Gud. Gje pappa sild. Og dagen etter, fortalde onkelen min, fekk dei så mykje sild i nota at ho heldt på å revne. Når han fortalde om denne episoden, så var det ikkje minst for å seie oss at borna ofte kunne vere førebilete i tillitsfull bøn.

Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje kome inn i det.

Det er faktisk slik i tilværet at det er nokre ting vi berre må ta imot. Vi må ta imot regnet. Vi må ta imot sola. Vi må ta imot vinden. Vi må ta imot hausten.

Slik må vi også ta imot Guds rike. Det er ikkje nokon annan måte vi kan gjere det på. Johannes sa om Jesus: Alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born. Slik er det med Guds rike. Tydeleg demonstrert både i dåpen og nattverden.

Geir Sørebø