IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

21. søndag etter Pinse

Mark 10:13-16

I PREIKA

Skal lure på kva for slags unger Jesus hadde på fanget, var det dei som kunne sitje stille?? Trur ikkje at dei var så stille og forsiktige eg, kvifor skulle da læresveinane husje dei vekk?? Dei var nok redde for at Jesus skulle bli sliten!

Denne søndagen hadde det vore flott om både barn og vaksne tenkte og jobba saman. For teksten handlar om barn men den har vel så mykje å lære oss vaksne. Me som har Jesus som førebilde må gje rom, tid og tryggleik til barna slik som Jesus gjorde.

Del kyrkjelyden inn i høvelege grupper, helst slik at det vert ulike generasjonar i kvar gruppe. Det finnast mange måtar å gjere dette til ein leik*, eller du kan dele inn grupper etter kor folk sit i kyrkjebenken. Gruppene skal jobbe med teksten, finne ut kva som er det viktigaste og kva det tyder for oss at Jesus vart sinna på barnas vegne den gangen. Så kan gruppa lage eit bilde av Jesus og barna som kan visast fram for dei andre etterpå. Bruk ca 5 min til å forklare, 5 min for gruppene til å finne kvarandre og ca. 15 min til arbeid i gruppene. Til slutt i preika (eller etter gudstenesta) kan teikningane hengast opp i kyrkjerommet/våpenhuset. Hugs å ta med store ark og fargestifter!!!!

EI SALME

Norsk salmebok nr 619: La barna komme til meg

LITURGI

Barneårsbøna: Bruk barneårsbøna som vart laga i samband med Bjørgvin bispedøme sitt barneår som forbøn, eller som eiga bøn ved inngangen til gudstenesta. Bøna finn du her: http://www.kirken.no/bjorgvin/tekstsider.cfm?id=14931

* Del inn i grupper ved å gje alle ein lapp ved inngangen, lappane kan vere i ulike fargar, eller ha bilde av ulike dyr. Når ein så skal finne si gruppe, må ein leite etter nokon med same farge eller dyrebilde. (dette kan gjerast med eller utan bruk av lyd.., for eksempel ved bare å lage dyrelydar for å finne kvarandre). For dei minste barna er det fint om dei kjem på gruppe med nokon dei kjenner, det bør den som deler ut lappar sørge for.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J