19. søndag etter pinse

Mark 10,17-27

OM EG VAR EIN RIKMANN ...

Mange av oss har vel gått og nynna på den kjende melodien frå Spelmann på taket: "If I were a rich man ...". Og mange av oss har vel hatt den same draumen som den fattige, russiske jøden, Tevje. Tenk om eg berre hadde hatt litt meir pengar. Bibelteksten denne søndagen viser oss eit møte mellom ein som hadde fått draumen oppfylt og Jesus. Frå dette møte står det att tre almengyldige tema:

1. Rikdommen si velsigning

Det var ein bedriftsleiar som eg lærde å kjenne for ein del år sidan. Han var svært rik og hadde eigedommar mange stader. Men han var også engasjert i misjonsarbeid, kyrkjeliv og humanitær innsats. Han var alle bøssebærarar og innsamlingskomitear sitt yndlingsobjekt. Det kunne hende at han la 10 000 kroner i korga. Han hadde ikkje berre ei stor lommebok. Han hadde også eit stort hjarta. Det er ikkje sant at alle velståande menneske er kjeltringar som har kome seg fram i samfunnet ved å utnytte dei som har mindre. Mange menneske har opparbeidd ei formue gjennom hardt arbeid, disiplinert liv og konstruktiv samspel med andre menneske. Ikkje sjeldan har dei stimulert menneske rundt seg til byggjande arbeid. Ja, vi kan sjå korleis heile bygdesamfunn blomstrar opp som følgje av ein mann si suksessrike etablering. Jesus testar den rike mannen ved å halde boda fram for han. Og Jesus finn at den rike held mål. Rikdommen har ikkje redusert mannen sin moralske kvalitet. Han har levd rett med menneske rundt seg. Han har hatt evne og ressursar til å ta vare på både medmenneske, ektefelle og foreldre. Vi les til og med at Jesus fekk han kjær. Rikdommen si velsigning.

2. Rikdommen si forbanning

For ikkje lenge sidan var det i NRK-Fjernsynet intervju med den tidlegare konsernsjefen i Uni-Storebrand, Jan Erik Langangen. Her fortalde han om sitt liv før og etter det mislukka raidet mot Scandia, som førde til hans fall. Han avdekka korleis alle dagar, søndag som kvardag, hadde vore fylte med hardt arbeid. Han hadde i sitt liv ikkje rom for anna engasjement enn innsats for firmaet sin vokster og for eigen suksess. Vokstertanken skulle bli altoppslukande. Noko som enda i kollaps både for bedrift og leiar.

Folk har av og til presentert eit paradoksalt spørsmål for meg: Korleis kan det henge saman at vi i det moderne samfunnet der vi har alle hjelpemiddel som skal gjere oss effektive, har fått så mykje mindre tid enn før? Svaret er: Vår velstand har vorte så stor og våre ting har vorte så mange at dei fyller all vår tid og tanke. Vi har vorte avhengige - ikkje berre av kaffi, tobakk, alkohol og sex. Men like mykje av den rike verda sine mange gjenstandar. "Sel alt det du eig, og gje det til dei fattige", sa Jesus. Desse orda endra mannen sitt ansiktsuttrykk og sinnstilstand. For han hadde vorte avhengig. I sinn og liv var det ikkje lenger plass til verken Gud eller himmel. Det er ikkje lang veg frå det gode til det verste. Frå velsigning til forbanning.

3. Guds undergjerning mot fattige og rike

"No er det berre eit under som kan berge han". Utsegna kom frå ein pårørande til ein alkoholikar som har drukke samanhengande i årevis. Familien har prøvd alt til fånyttes. Mannen har vore upåverkeleg. Helsa skrantar. Det er berre flaska som betyr noko for han. Familien har innsett at mannen ikkje har eigne ressursar til å stå imot alkoholen si makt. Det må kome ei ny kraft utafrå. Det er ei liknande erkjenning som veks fram i Jesu møte med den rike mannen. Rikdom er på ein måte ei synleggjering av alle dei ressursar som ligg i eit menneske. Men desse kreftene opnar ikkje Guds rike. Tvert om. Jo større rikdommen er, jo vanskelegare vert inngangen i Guds rike. Der eit menneske heile livet har gjort seg avhengig av trua på eigne ressursar, er det ikkje lett å verte frigjort til å ta imot hjelp utafrå. Til å sjå at det er berre Guds undergjerning gjennom Jesus Kristus som kan føre oss inn i Guds rike. "Alt er mogeleg for Gud", sa Jesus. Gud har den krafta som skal til for å frelse både rike og fattige.

"Om eg var ein rikmann ..." Mange av oss har nynna på melodien. Ein dag dukkar eit anna spørsmål opp: "Kva skal eg gjere så eg kan få evig liv?" Då gjeld det å sjå at rikdommen si velsigning ikkje er døra til Guds rike. Rikdommen si velsigning vert tvert om avløyst av rikdommen si forbanning - dersom Gud ikkje får gjere si undergjerning med oss. Den gjerning som frelser både rike og fattige.

Geir Sørebø