21. søndag etter pinse

Mark 10,2-9

EKTESKAPET SINE RAMMEVILKÅR

For nokre veker sidan møtte eg ein mann som eg ikkje har sett på fleire år. Då vi skildest seier han: "Ja, og så må du helse heim til kona di, eg hugar jo godt henne - ja, for du har vel den same kona - eg må nesten spørje, for ein kan jo aldri vite så heilt sikkert i no for tida." Eg kunne forsikre han om at eg hadde den same kona som eg alltid hadde hatt. Men eg skjønar han, for statistikken talar sitt tydelege språk. Ein svært høg prosent av dei norske ekteskapa har dei seinare åra gått i oppløysing. Dette gjer at farisearane sitt spørsmål til Jesus stadig er aktuelt: "Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?" Spørsmålet hadde ikkje berre teoretisk interesse. Det var også aktuelt på Jesus si tid. Ulike grupper av farisearar gav ulike svar. Dei sette Jesus på ei vanskeleg prøve. Jesus svarar korkje ja eller nei på spørsmålet, men han viser til ekteskapet sine ulike vilkår:

1. Guds gode skaparordning

Det var ein biskop som for nokre år sidan tala så fint om ekteskapet mellom mann og kvinne og kom til å seie at før mannen og kvinna var gifte, var dei begge som ein halv appelsin. Men når mann og kvinne har vorte gifte, så har dei gått inn ei fullkomen eining og er til saman lik ei heil appelsin. Dette biletet provoserte mange, ikkje minst dei som levde i den einslege stand. Kanskje også mange ektevigde. Men dersom vi kunne sjå bort frå korleis ekteskap faktisk kan fungere i dag og heller vende blikket mot Guds skaparordning, så har biskopen eit poeng. For Guds skaparordning slik ho er skildra i 1 Mos 2 munnar ut i (2,24) at mannen skal halde seg til kona si og dei to skal vere eitt. Og Jesus stadfester at dette er eitt av ekteskapet sine rammevilkår då han seier at dette er ei Guds samanbinding som mennesket ikkje skal skilje.

2. Synda si splittande kraft

Eg kjem aldri til å gløyme første gongen eg opplevde at eitt av dei ektepara eg hadde vigd, gjekk frå kvarandre. Eg fekk ei sorg i hjarta. Eg måtte leite i arkivet mitt og finne fram att talen eg hadde halde nokre år før. Eg fann også programmet i kyrkja med salmane. Eg hugsa to glade unge i sin finaste stas som gav kvarandre lovnad om livslang kjærleik. Kva hadde hendt? Det var nesten uforståeleg for meg at det glade samlivet på nokre år var forvandla til ein bitter og øydeleggjande konflikt som det ikkje gjekk an å leve med. "Fordi hjarto dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet", sa Jesus, og viser altså til 5. Mos 24,1 der det er skrive at ein mann kan skrive ut skilsmålsbrev til kona si når han ikkje likar henne lenger fordi han har funne noko hjå henne som byd han i mot. Jesus tek ikkje noko oppgjer med Moses. Det må bety at Jesus stadfester at det er eitt av ekteskapet sine rammevilkår at synda si øydeleggjande kraft er så stor at ho kan splitte det som Gud har bunde same.

3. Jesus si fornyande gjerning

Eg las for ei tid sidan i ei avis om eit ektepar som hadde vorte skilde. Så hadde det hendt at dei hadde opplevd ei sterk omvending til Gud. Det hadde resultert i at dei hadde funne attende til kvarandre og gått inn ei ekteskap med kvarandre på nytt. Dei opplevde at Jesus hadde fornya deira samliv. Det er fint å sjå i praksis at dette kan skje. Samstundes er det verd å merke seg at Jesus ikkje set opp nye ufråvikelege reglar i framgrunnen. På den eine sida seier han at både mann og kvinne gjer seg skuld i ekteskapsbrot når dei skil seg og gifter seg att (Mark 10,11f), på den andre sida ser det ut til at han er open for at dette kan skje når den andre har vore utru (Matt 19,9). Sameleis skriv Paulus at ektefolk ikkje må skiljast (1 Kor 7,10f), men på hi sida er ein truande ektefelle ikkje bunden til sitt ekteskap dersom den vantruande ektemaken vil gå frå han (1 Kor 7,15). Ein kjem eit punkt der ein faktisk må erkjenne at synda har splitta det Gud hadde bunde saman. I kraft av Jesus si fornyande gjerning kan skilde få byrje på nytt med godt samvit etter å ha lagt alt fram for han. Å byrje på nytt kan seie å få kraft til å leve som einsleg (1 Kor 7,8) eller få frimod til å gifte seg på nytt - til og med den ein vart skild frå. Også i denne samanhengen må dei orda kunne gjelde som Jesus sa til kvinna som hadde hatt seks menn og som hadde tala med Jesus: "Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir" (Joh 8,11). Jesus si fornyande gjerning. Dette skal også vere eitt av ekteskapet sine rammevilkår.

Geir Sørebø