19. søndag etter pinse

Mark 12,28-34

BERRE 10 METER FRÅ GUDS RIKE

Son min skulle ein gong reise med ekspressbåten frå bygda her vi bur. Han sat i ein bil på kaien og prata med eit anna menneske då båten kom inntil kaien. Frå styrehuset i båten såg dei ingen passasjerar på kaien, og sidan dei hadde lita tid, sette dei full fart og for ut på fjorden igjen. Og då son min oppdaga kva som hende og sprang ut, var dei alt for seint. Han hadde vore 10 meter frå båten, men kom altså ikkje med. Vi høyrer om ein mann i søndagens tekst som var svært nær Guds rike, men kom han med? Det veit vi ikkje. Kva var det som gjorde at han var nær Guds rike? Tre ting:

1. Religiøs interesse

Det var første time med eit nytt konfirmantkull. Vi bruka litt tid på å verte kjend med kvarandre. Då er det at ein av dei nye konfirmantane seier: "Eg vil berre seie frå med ein gong om at eg ikkje er særleg religiøst interessert". Av alle konfirmantane eg har hatt er han den einaste som har sagt det. Eigentleg har eg opplevd mykje religiøs interesse mellom ungdom. Ikkje for kyrkja kanskje, men for det overnaturlege. For den usynlege verda. For døden. "Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse!", sa Paulus då han steig fram på Areopagos (Apg 17,22). Kanskje ville han sagt det same i dag, dersom han hadde bladd i vekeblada eller i hyllene i ein av våre større bokhandlar. Mannen som kom til Jesus var religiøst interessert. Han hadde høyrt på eit ordskifte om oppstoda og så grip han fatt i Jesus for å trengje djupare inn dei religiøse sanningane. Så langt vi kan sjå av oppriktig interesse for saka.

2. Bibelsk kunnskap

For nokre år sidan såg eg gjennom fagplanane for det nye KRL-faget i grunnskulen. Eg vart då overraska over kor mykje dagens elevar skal innom. Det var tema i etikk og kyrkjehistorie og bibelfag som eg faktisk ikkje hadde lese noko om innafor eit langt teologistudium. Maktar lærarane å følgje dette opp i praksis, så skal i alle høve ikkje dagens elevar mangle kunnskap om kva kristendom er for noko. Det var ein gut som kom heim frå søndagsskulen. Dei hadde hatt om påska. "Korleis var det på søndagsskulen i dag?", ville mora vite. "Å, eg hadde no hørt om det der før", sa guten. Ofte manglar det ikkje på kunnskap. Han som kom til Jesus var til og med ein skriftlærd. Ein mann med stor bibelkunnskap. Og han stiller eit avansert spørsmål. Kva for eit bod, kva for ei forplikting er den heilt grunnleggjande i vår religion?

3. Respekt for Gud og menneske

"Sjølv om eg ikkje reknar meg for ein kristen, så reagerer eg sterkt når nokon harselerer med Gud", uttala ei dame i eit intervju eg las. Vi har sett tilløp til slik harselering f.eks. i underhaldningsprogram på TV. Heldigvis skaper dette reaksjonar i folket. Gong på gong har vi sett korleis det norske folk har samla inn titals av millionar på nokre dagar når det hende ei katastrofe ein stad. Det gjer inntrykk på oss å sjå lidande menneske på TV og i avisene. Vi ønskjer også i vårt land å ha ei solidarisk helse- og sosialteneste som gjer at alle skal få same sjanse til behandling. Det gjeld respekten for mennesket. Menneskeverdet.

Mannen som kom til Jesus vart fort samd med Jesus om at det heilt grunnleggjande i religionen er ærefrykt for Gud og menneske. "Du er ikkje langt borte frå Guds rike", sa Jesus.

Ein er ikkje utan vidare kristen om ein er religiøst interessert, har bibelsk kunnskap og lever i ærefrykt for Gud og menneske. Eg hadde ein gong ei gudsteneste på skjærtorsdag kveld. Kyrkja var full av folk. Då det vart innbode til alters, så kom det likevel berre eit par menneske fram. Mange interesserte - få tok det siste steget for å knele ned og overgje sitt liv til Jesus. Då tenkte eg: "Mange var berre 10 meter frå Guds rike". Interesse, kunnskap og ærefrykt er ikkje nok. Det hjelper ikkje å stå framfor himmelens port den siste dagen og seie: "Ja, men eg var jo nesten ein kristen!"

Geir Sørebø