IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

19. søndag etter Pinse

Mark 12:28-34

I PREIKA

Empati. Handlar om å bry seg om andre, å kjenne med. Barn er ikkje fødde "ferdige" med dette, og i periodar er dei temmeleg sjølvsentrerte. Empati må me øve på. Det startar med oss sjølve. Jesus sa: Du skal elska nesten din som deg sjølv! For når me startar med oss sjølve, og blir trygge på at det faktisk er slik: kan me gå vidare. Den som kjenner nokon med dårleg sjølvkjensle veit: at det er nesten umogleg for dei å gje ros og godord til andre. Det kjennast som eit tap eller nederlag, i staden for ei glede. I kyrkja vil me bygge opp barn som kjenner seg verdifulle og som veit at andre er det også!

Finn fram eit bilde av noko verdifullt (f.eks ei perle), lim det på eine sida av ein spegel. Syn barna og fortel at det er mykje som er verdifullt, noko fordi det er verdt mange pengar anna fordi det tyder mykje for oss. Sei til barna at dei skal få kome fram og sjå noko som er svært verdifullt (meir verdifullt enn alt anna!), lat ein etter ein kome fram og sjå seg sjølve i spegelen. Gud har skapt kvar og ein nett slik me er, og han er uendeleg glad i oss!! I dag minner Jesus oss om at det er viktig at me hugsar på at menneska rundt oss, også er skapt av Gud og er verdifulle. Uansett om ein bur i Norge eller Etiopia (eller ein annan stand i verda), har ein like stor verdi. Vår oppgåve er å hjelpe andre menneske til å sjå at dei er meir verdt enn alt anna!

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 111: Det finst hundrevis av spurvar (finst og på bokmål!)

LITURGI

Takkoffer: Gje pengar vidare som kan hjelpe våre medmenneske, dagen i dag vert også kalla for U-landssøndag. I år er det Tv-aksjon denne dagen, så mange stader går vel kyrkjeofferet til Redd Barna, dei gjer mykje arbeid som hjelper barn til å kjenne seg verdifulle! Lat barna vere med og samle inn / telje opp.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J