24. søndag etter pinse

Mark 12,41-44

DET ER SÆLARE Å GJE ENN Å FÅ

Mange av oss som har feira ein rund dag og fått mange gåver, har opplevd at det gjorde godt å verte tenkt på og hugsa. Ein vert visst aldri for gammal til å tykkje det er kjekt og oppmuntrande å få ein julepresang eller ei gåve til åremålsdagen. Men denne søndagens tekst vil vise at det likevel er sælare å gje enn få (Apg 20,35). Men det er mange måtar å gje på. Med Jesus sitt blikk avdekkjer teksten tre sanningar om det å gje:

1. Gåver høyrer heime i Guds hus

For nokre år sidan oppstod det ein diskusjon i ein kyrkjelyd etter gudstenesta julaftan. Det hadde vore teke opp takkoffer til eit godt føremål i familiegudstenesta. Nokre sa omtrent dette: "No går kyrkja for langt. Vi kan ikkje ein gong kome innom kyrkjedøra julaftan utan at det vert mas etter pengar".

Det Bibel-teksten fortel ser ut til å vise at det var vanleg å gje ei pengegåve når ein kom til templet. Både rike og fattig la sine gåver i tempelkista. Desse pengane gjekk for det meste til tempeltenesta. Når vi stig inn i Guds hus, så vert vi ikkje minst minna om alle gåver som Gud har gjeve oss. Gåver i dette livet. Og Jesus som gåve for at vi kunne vinne det evige liv. Når Gud alltid møter oss med gåver, så skulle dette også verke inn på vårt liv. Paulus skriv: "Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer"(Ef 5,2). Difor burde det vere takkoffer i kvar gudsteneste og på kvart møte. Gåver høyrer heime i Guds hus.

2. Overgjeving tel meir enn gåva sin storleik

Ei gammal anekdote fortel om bonden som tidleg ein morgon gjekk forbi fjøset og fekk auga på ei høne og ein gris. "No fekk eg lyst på egg og bacon til frukost", sa mannen. "Det skal vi nok ordne med", sa høna. Men grisen vart alvorleg. "Det lett nok for deg å gje eit lite bidrag", sa han. "Men eg må gje meg sjølv". Det dei to skulle gje til frukosten, var i og for seg av omtrent same omfang, men for grisen vart konsekvensane langt større enn for høna. Ulike menneske kan gje gåver av omtrent same storleik, men dei kan vere gjevne med ulike sinnelag og med ulike konsekvensar for gjevarane.

Når ei fattig enkje gav det vesle ho hadde til å livberge seg med til tempeltenesta, så overgav ho i realiteten heile sitt liv tillitsfullt i Guds hand. Ho måtte no stole på at Han på ein eller annan måte gav henne det ho trengde. Slik vert ho ein bibelsk parallell til enkja i Sarepta (1 Kong 17). Vi graderer ofte gåvene etter kroner og øre. Vi ser i teksten at Jesus legg større vekt på mennesket si overgjeving enn på storleiken av gåva.

3. Den som gjev han får

Dette tykkjest å vere ei livslov både i denne verda og i Guds rike. Det var ei kvinne som var enkje etter at ho hadde fylt 60. Ho hadde ikkje noko løna arbeid og ikkje pengar i banken. Men ho hadde alltid noko å gje. Ho var den som alltid stilte opp dersom nokon trengde ei seng eller eit måltid. Ho gav det ho hadde, sjølv om det var vanskeleg å få betalt rekningane. Ho var den som tok ansvar i kyrkjelyden. På sine eldre dagar vart ho attgift med ein eldre velståande mann. Dei fekk eit godt og rikt liv saman. Mange slike eksempel kunne gjevast. Eksempel som viser: Den som gjev, han får. Paulus skriv: "Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust. Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar" (2 Kor 9,6).

Vi veit ikkje kva den fattige enkja som gav sine to småmyntar, fekk til sist. Men vi les at ho fekk god omtale av Jesus. Og er ikkje dette byrjinga på all lukke at vi får leve under Jesu nådige ord?

I Guds hus kan sjølv ei lita gåva frå menneske utløyse den største velsigning når ho vert boren fram med gjevaren si overgjeving til Gud. Gåver høyrer heime i Guds hus.

Geir Sørebø