IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

24. søndag etter Pinse

Mark 12:41-44

I PREIKA

Dette er ei av mine favoritthistoriar! Enka som gav alt ho åtte. Tenk om alle hadde gjort som ho da ville verda sett heilt annleis ut! I Norge er me flinke til å gje pengar til innsamlingar av ulike slag. Stadig vert nye rekordar sett. Men gjev me av vår overflod? Merkar me det i lommeboka? Eller er det bare lommerusk som ser stort ut fordi me har så mykje å ta av??

Denne søndagen kunne det vore spanande å invitere nokon som er engasjert i arbeidet for ei betre verd. Frå Changemaker, Fremtiden i våre hender eller andre liknande organisasjonar (eller einskiltpersonar). Kva les dei i denne teksten?? Kanskje kunne ein på førehand laga ei dialogpreike i lag eller så kan den (eller dei) som vert invitert få for eksempel 5-10 minutter til å fortelje om engasjementet sitt og relatere det til teksten!

Det handlar ikkje berre om pengane våre. Det handlar om å gje oss sjølv til Jesus. Ikkje berre ein del men heile oss! Da handlar det og om tida vår, om møtet med andre mennesker osb.

EI SALME

Norsk salmebok nr 872: Eg vil ofra med jubel i Herrens hus

(finst og på bokmål, kan syngast som kanon og lett og lære slik at ein kan synge mens ein går og gjev gåva si i skåla)

LITURGI

Takkoffer: Gud elskar ein glad givar. Sei litt ekstra om kvifor me har takkoffer i gudstenesta. La gjerne nokre barn vere med og førebu dette leddet. Kanskje kan dei illustrere eller lage drama??

 

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J