Langfredag

Mark 14,26-15,37

"DET GAMLE ÆRVERDIGE KORS"

Ein song som mange kristne kan, byrjar slik:

I det fjerne jeg skuer et underfullt syn som griper mitt hjerte med makt,

for jeg skuer det gamle ærverdige kors der hvor synderes dødsdom ble lagt.

No vil mange undre seg over denne språkbruken. Korleis kan ein kross, ein alminneleg gjenstand av tre, verte omtala på ein slik måte? Ja, det til og med ein gjenstand som i bibelsk tid var eitt av dei mest frykta torturreiskapar. Det er fordi krossen i dag har vorte eit symbol. Ja, kyrkja sitt fremste symbol. Eit symbol som peikar ut over seg sjølv og til avgjerande sider ved den kristne trua. Kva er det krossen viser?

1.Krossen viser oss sentrum

Det var ei kyrkjeverje som ringde meg for eit par år sidan. Han var temmeleg bekymra, for då han hadde kome til kyrkja denne dagen, så hadde han funne ein kross som stod opp ned inntil kyrkjedøra. Han kjende like godt som meg til at den omsnudde krossen er satanistane sitt symbol. Det er interessant å sjå at dei som står fram som dei kristne sine fiendar, dei angrip krossen. På denne måten er dei indirekte vitne om at krossen fører oss fram til sentrum i den kristne trua.

Jesus sitt liv var ei målretta vandring mot krossen. I si angst bad han: "Abba, Far. Alt er mogeleg for deg. Ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil". Men denne Jesus si angstbøn kunne ikkje oppfyllast. Jesus sitt liv kunne ikkje gå utanom krossen, dersom frelsesverket skulle fullførast. Krossen viser oss sentrum. Difor seier Paulus: "Eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross (Gal 6,14).

2.Krossen viser oss nederlaget

Frå eit besøk på Svalbard gløymer eg aldri krossane på den forblåste gravplassen i Longyearbyen. Minnesmerke over folk som ikkje kom heim att til fastlandet. Enno lenger nord, på Lågøya nord for Spitsbergen står det ein einsleg kross av to bordbitar i ei steinrøys. Det er rissa inn med kniv på den eine fjøla: "Her under viler de norske fangstmænd Johan Sivertsen, Olaf Korneliussen, Oskar Olsen. Døde 1909". Dagboka som er funnen i ettertid fortel om menn som kjempa mot kulde og sjukdom og tapte. Krossen viser oss nederlaget. Det nederlaget som kjem fram i spottorda på Golgata: "No, du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Frels deg sjølv og stig ned av krossen!" Eller i Jesus sitt rop: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Dette nederlaget må alle menneske erfare. Dette nederlaget har Jesus erfart. Det er reist mange krossar. Krossen viser oss nederlaget.

3.Krossen viser oss sigeren

Ei gammal legendarisk forteljing berettar om korleis krossen kom inn i danskeflagget. Danskekongen Valdemar var på ei kristningsferd til Estland saman med erkebiskopen. Der vart dei overfallne av ein stor styrke. Midt i kampen dala det eit flagg ned frå himmelen. Over tøystykket gjekk det ein kross. Og kongen høyrde ei stemme frå himmelen som sa: "Kvar gong de lyfter dette flagget mot fienden, skal de sigre". Legenda har innebygd ei bibelsk sanning. Krossen er sigersmerket. Når Jesus gjev sitt liv som eit sonoffer, vinn han sigeren over djevelen og bergar sitt folk. "Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa" Slik gjorde dei narr av Jesus, og samstundes sa spottarane noko sant. Ved sin død har han gjeve oss liv. Ved sitt nederlag har han vunne sigeren, sigeren for oss. "Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen", slik skriv Paulus.

Når dødsannonsa med krossen innteikna står i avisa, opplever mange det som eit nederlag. Nederlag for livet. Nederlag for kjærleiken. Men for den truande kristne skal krossen vise seg å vere sigersmerket. Krossen viser oss til sentrum. Sentrum i Bibelen. Sentrum i trua vår. Sentrum i livet.

Geir Sørebø