20. søndag etter pinse

Mark 2,1-12

NÅR TRUA FØRER TIL MEIR ENN VI BED OM

Eg hugsar at det var ein konfirmanttime der presten spurde konfirmantane om kva dei tykte var det viktigaste å ta med i forbøna i kyrkja på søndag, og ein av konfirmantane svar i fullt alvor at det viktigaste å be om var at det norske fotballandslaget måtte vinne neste kampen. Det er slett ikkje berre konfirmantar som ikkje ser klårt kva som er det mest vesentlege i livet. Ingen av oss ser så djupt ned i livet at vi ser vår djupaste naud og kva vi treng mest som menneske. Men den som kjem til Jesus i tru, utløyse hans hjelpande kjærleik. Teksten for denne søndagen er eit godt døme på det.

  1. Jesus ser etter tru
  2. Det var ein gong for litt sidan eg var med eit selskap der ein tok til å diskutere: Kva er eigentleg kristent arbeid for noko? Eg er med i Røde Kors var det ein som sa. Er ikkje det kristent arbeid? Ei kvinne var med i husmorlaget, ein i pensjonistforeningen, ei dame var med i Sanitetsforeningen. Er ikkje alt dette på ein måte kristent arbeid? Vi må vel kunne seie at mykje av det friviljuge organisasjonsarbeidet realiserer gode verdiar som spring ut av eit kristen grunnsyn. Men likevel er det ikkje nødvendigvis kristent arbeid ei eigentleg forstand. For det avgjerande i all kristen verksemd er at ein byggjer på den kristne trua. Trua på Jesus Kristus. Tilliten til at han er levande mellom oss med si kraft.

    Ein prest fortel i ei bok han har skrive at han hadde ein bror som var på eit møte i byen. Der fekk han plutseleg eit kraftig hjarteinnfarkt. Han vart boren ut i ein bil. Mykje folk stimla til og det var ein som sa: "Å, han kjem ikkje til å overleve dette". Då såg den sjuke på dei og sa: "Det er ingen ulykke om eg døyr, for anten eg lever eller døyr, så høyrer eg Herren til". Det var kristen tru.

    Jesus ser etter tru. I teksten les vi korleis mennene i tru hadde passert alle hindringar for å kome seg fram til Jesus med ein lam kamerat. Dei hadde verkeleg gjort ei kristent arbeid. - Og i teksten les vi: "Då Jesus såg trua deira, sa han til den lame ….

  3. Di tru kan hjelpe andre
  4. Mange av oss har sikker både høyrt og sunge Trygve Bjerkreim sin fine song: Det er makt i de foldede hender. Andre verset lyder slik:

    Du som ber for ditt barn, dine kjære,
    er i forbønn fra år og til år.
    Om du tolmodets lekse må lære,
    himlens bønnesvar engang du får.

    Dette er ei god framstelling av korleis vår tru kan hjelpe andre. Ofte kjem vi visst i skade for å tenke. Trua er noko privat. Noko som berre kan hjelpe meg sjølv. Ei slags livsforsikring for meg sjølv som eg gøymer godt ein hemmeleg stad heime. Men kristentrua er noko langt meir. Ho kan betre samanliknast med ei elektrisk kraft som på forunderleg vis kan overførast uendelege avstandar.

    Vi ser eit glimrande døme i teksten på korleis trua, kan kome eit anna menneske til hjelp. Vi høyrer ikkje eitt ord om den lame si eiga tru. Han seier ikkje eitt einaste ord. Det er hjelparane som kjem i tru. Men deira tru vert altså den lame mannen si berging. Eit sterkt vitnemål for alle som bed i tru og for alle som gjer eit kristent arbeid.

  5. Jesus vil gje fred med Gud
  6. Utafor huset vårt har vi ein grusgang som har lett for å gro igjen med gras. All slags ugras finn grobotn i grusen. Om sommaren har eg prøv å skrape det vekk med ei skrape, men så går det berre nokre dagar og så er løvetannblad og høymolblad og gras i full voks igjen. Eg ser at problemet stikk mykje djupare. Det er røter som går langt ned i bakken, og som har kraft til å kome opp med nye blad uansett kor mykje eg skrapar på overflata.

    Dei vert nok vonbrotne i første omgang hjelparane når Jesus seier: "Son, syndene dine er tilgjevne". Dei var komne fordi dei trudde at Jesus ville gjere den lame frisk. Og så byrjar han med syndene. Det ingen forstår er at Jesus går til rota av mennesket sitt problem. Djupast sett er ikkje vårt største problem som menneske at helsa kan svikte. Heller ikkje det at vi kan kome strid med kvarandre. Vårt djupast problem er at vi ikkje kan finne fred med Gud. Fordi syndene våre set eit skilje mellom oss og Gud. Jesus byrjar med det mest grunnleggjande: "Son, syndene dine er tilgjevne", seier han. Og først i andre omgang: "så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!"

    I tru hadde dei kome til Jesus med den lame. Trua deira hadde hjelpt den lame. Langt meir enn dei sjølve hadde hatt fantasi til å be om.

Geir Sørebø