18. søndag etter pinse

Mark 2,18-28

ORD SOM VARER

Det er einskilde ord som aldri vert utslitne. Noko vart sagt og var like aktuelt etter hundre år og etter tusen år. Slike ord finn vi i vår norske folkeminnekultur, i den romerske litteraturen og framom alt i Bibelen. I denne søndagsteksten finn vi tre slike ordtak som stammar frå Jesus:

1. "Kan bryllaupsgjestene faste medan brudgommen er hjå dei?"

Eg var i bryllaup for ikkje så lenge sidan. Det vart servert hjortekjøt til middag. Brudgommen hadde gått på jakt, skote dyra, partert dei og gjeve instruksjonar om korleis middagen skulle lagast til. Og når sant skal seiast, så var det ein kjempegod middag. Det var nok alle gjestene samde om. Det var ingen som nett den kvelden la vekt på at dei var på slankekur. Det ville kort og godt vore ei fornærming mot brudgommen å sende skåla med sausekjøt forbi. Er ikkje vår tradisjonelle norske folkekyrkjekristendom ein åndeleg slankekur? Vi har no vår barnetru, seier mange foreldre når eg kjem i dåpssamtale, men eg ser dei så godt som aldri i kyrkja om søndagen, dei er aldri å finne ved nattverdbordet. Eg veit sjølvsagt lite om korleis dei gjev si tru næring, men dei liknar i alle høve lite på dei glade bryllaupsgjestene som heidrar brudgommen ved å ta dueleg for seg av alt det gode som han serverer. Går det verkeleg an å vere "truande" og samstundes vere så likeglad når kyrkjelyden samlast til fest?

2. "Ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker"

I mange år hadde eg ein liten robåt med ein 4 hestars påhengsmotor. Etter kvart vart motoren moden for utskifting. Eg fekk eit godt tilbod på ein ny 25 hestars motor. Det vart fort klart at den nye påhengsmotoren ikkje kunne monterast på den vesle båten. Det ville gått heilt gale. Eg måtte også skaffe meg ein ny båt. Ein båt som stod i forhold til alle dei nye hestekreftene. Jesus nyttar eit anna bilete, men poenget er det same. Ny kraft krev nytt liv. Paulus talar om kor veldig Guds kraft er mellom oss som trur (Ef 1,19) og korleis hans kraft skal gjere at vi fullfører trua sine gjerningar (1 Tess 1,11). Det går ikkje an å ta imot Andens kraft og så leve eit liv der dette ikkje kjem til uttrykk. "Til innvortes bruk" kunne det vel stå på einskilde gamle medisinflasker. Det er ei misforståing av kristentrua sitt vesen når einskilde meiner at kristentrua stort sett er til innvortes bruk. Nei, ei tru full av kraft og liv vil også måtte prege det ytre menneske. Møtet med Jesus førte til ei stor endring i læresveinane sine liv. Eit møte med Jesus har stadig denne endringskraft.

3. "Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten"

Eg ser for meg ein mann som eg møtte for mange år sidan. Han hadde vakse opp i ein kristen familie. Sjølv hadde han ikkje sleppt Jesus heilt innpå livet, men han hadde fått mange av dei kristne tradisjonane i blodet. Eg hugsar han sa: "Eg kunne aldri tenkje meg å gjere noko slags arbeid om søndagen. Eg har ei kjensle av at dersom eg gjorde det, så kom noko gale til å hende meg". På den eine sida var det fint å møte ein som heldt helg. På den andre sida var det noko tragisk i det han sa. Han trudde ikkje på Jesus, likevel var han redd for å synde mot søndagen. Jesus, og læresveinane med han, gjorde ting som lova forbaud på kviledagen. Fordi det ikkje er kviledagen som er poenget, men mennesket. Mennesket skal få rom til å finne seg sjølv. Finne seg sjølv som Gud skapning og Guds barn. Kviledagen, først sabbaten og så søndagen, er til for mennesket.

Ord som varer. Kvifor er dei tre sitata som vi har nemnd slike ord som aldri vert utslitne? Fordi dei er når dei vert lesne i sin rette bibelske samanheng, dører til livet. Vi står alle som kristne i fare for å verte innestengde av tradisjonar, folkemeining og eigne fordommar og angst. I staden for å leve som kristne i praksis, står vi i fare for å redusere kristentrua til å ha dei rette meiningane om ulike aktuelle saker. Gjestene som tek for seg rundt bryllaupsbordet, den nye vinen som gjærar og sprengjer seg ut, kviledagen som gjev ny styrke og kraft - er det ikkje ord som kallar oss til nytt LIV saman med Jesus? Ord som varer.

Geir Sørebø