IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

18. søndag etter Pinse

Mark 2:18-28

I PREIKA

Kor provoserande det må ha lydd: Sabbaten…til for menneska! For dei var dette den Heilage Dagen i veka, det var ein dag som var annleis og som hadde mange reglar og retningsliner rundt seg. Kva var det Jesus ville? Øydelegge?

Jesus ville sette FRI! Han ville sette menneske fri til å tene Gud og leve som heile menneske, utan å vere bunde av menneskelaga bod og reglar som rett nok var velmeinte i seg sjølv men som til saman batt menneske, også i tilbedinga av Gud.

Me kjenner slike bod og reglar også. Mange ting som ikkje er (var) tillate å gjere på ein søndag. Også dette velmeinande, og ofte rett og godt, men til saman så vart menneska bunde ikkje fri. Gud ønsker at me skal vere frie, frie til å tene han, frie til å tene medmenneske.

Denne søndagen ville det vore fint å fått med nokre barn (eller vaksne), utstyrt dei med kvar sin plakat med viktige ord på. Og så bruka dette som utgangspunkt og disposisjon for preika. Forslag til ord: FRIDOM, GUD, MENNESKE, KVILE, NYE KREFTER, SØNDAG, HEILAG, GLEDE. Kanskje du har andre ord som høver? Det er sjølvsagt ikkje naudsynt å bruke alle orda på ein gong.

WWJD. What would Jesus do. Kva ville Jesus gjort?

Til ettertanke kring kva det betyr å vere FRI! (www.whatwouldjesusdo.com/info/index.shtml)

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 97: Jesus från Nasaret

LITURGI

Syndsvedkjenning: Her skal me få legge frå oss det som tynger i livet. Når me går vidare i gudstenesta er me fri frå det som me har lagt ned. Difor kan me jublande ta del i lovsongen; Ære vere Gud i det høgste, og fred på joda hjå menneske som Gud har hugnad i!

God Haust!

Anne Berit Sunde J